Jan Heggheim, direktør for næring, på Tiltakskonferansen i 2011. Med mikrofon framfor ein sal. Foto: Arne Monrad Johnsen/Sogn og Fjordane fylkeskommune
Jan Heggheim, direktør for næring, på Tiltakskonferansen i 2011. Med mikrofon framfor ein sal. Foto: Arne Monrad Johnsen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Jan Heggheim, direktør for næring. Foto: Arne Monrad Johnsen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Forvaltning i fiskeoppdrett

Det er korrekt at vi sjeldan overprøver fagmiljøa i fiskeoppdrettssaker, men det er ikkje rett at vi handsamar spørsmåla lettvint. Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, skreiv 6. august 2015 dette lesarinnlegget som tilsvar på ein artikkel i avisa Firda 16. juli 2015.

Artikkel Firda 16. juli 2015

Seier nesten aldri nei

Fylkeskommunen driv forvaltning med utgangspunkt i faglege vurderingar frå Fylkesmannen, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet og den involverte kommunen. Vi stør oss også til råd frå Havforskingsinstituttet. Det er korrekt at vi sjeldan overprøver desse fagmiljøa, men det er ikkje rett at vi handsamar spørsmåla lettvint. Når Fylkesmannen «rår i frå» er det eit råd og ikkje eit negativt vedtak.

Helge Johnsen forsøkjer i ein artikkel i «Firda» den 16. juli å gi uttrykk for at vi nærast handlar på autopilot i oppdrettssaker. Fiskeribladet «Fiskaren» følgjer opp nokre dagar seinare med tilsvarande påstandar.

Det er regjeringa som fastset kor mykje oppdrettsfisk som til ei kvar tid er i sjøen ved tildeling av konsesjonar. Dette løyvet fører ikkje til nemneverdige mengder ny fisk i sjøen, fylkeskommunen gir løyve til å flytte fisk (såkalla biomasse) til nye lokalitetar.

Lus og rømming er to plager næringa sjølv må ta ansvar for. Dei faglege miljøa nemnde over held tilsyn med mengdene og skal gi melding dersom til dømes lusebelastninga er over gitte grenser. For å løyse slike utfordringar, og auke kunnskapsnivået, er det avgjerande at næringa får forske og gjere forsøk.

Lokaliteten på Floteneset er tidsavgrensa til 2017, og er gitt for å forske på fôr. Forskinga kan mellom anna medverke til mindre lus i fjorden, og fylkeskommunen vurderer det som nyttig å halde oppe tempoet i slik forsking. Dette kan gi næringa kunnskap til å løyse eigne utfordringar. Løysingane kan vere heilt andre enn dei som først ser mest logiske ut, der er mange «vegar til Rom».

Ein kan få inntrykk av at omgjering av lokalitetar frå torsk til laks er ei stor sak, det er det ikkje. Det er siste fem åra handsama 10 slike søknader, der to er til forskingsformål, ein av dei er Floteneset. Elles har mange av lokalitetane ei historie med først laks, så torsk, så laks på nytt.

Mattilsynet vurderer lakseoppdrett på Floteneset til å gi ein auke i smittebelastning, men meiner auken er akseptabel fordi det er eit lite anlegg. Kommunen har ikkje merknader til lokaliteten, men sa i ein uttale at dei er urolege for den totale økologiske belastninga i Vadheimsfjorden. Fylkesmannen gir utsleppsløyve etter forureiningslova. Når dei «rår i frå» er dette nettopp eit råd i form av ein uttale frå ein etat som har miljøtilsyn som hovudområde.

Sogn Villaksråd sine søknader ynskjer eg ikkje å kommentere i detalj, men Havforskingsinstituttet har vurdert metodane rådet har føreslege som mangelfulle. Vi har ved gjentekne høve invitert til dialog om desse spørsmåla utan å få svar. Dersom rådet ynskjer framdrift er dei velkomne kva dag som helst. Vi er opptekne av ei heilskapleg forvaltning som også tek vare på villfisken, og er samd i at vi alle kan for lite om  til dømes lakselus.

Det kan vere grunn til å diskutere om havbruksforvaltning høyrer heime på det folkevalde regionale nivået. Dette er ei veldig regelstyrt forvaltning, der politikk er å lage reglar, forvaltninga skal følgje opp. Det er lite rom for politiske vurderingar på regionalt nivå. I samband med fylkesrådmennene sitt innspel til framtidig oppgåvefordeling mellom stat, regionar og kommunar, stilte vi dette spørsmålet. Der jamførte vi med mellom anna landbruk og bygdeutvikling, der rommet for politikk etter vårt syn er større.

Til slutt handlar dette om kor vidt arbeidsplassar set spor etter seg i naturen. Svaret er nesten alltid ja. Dersom vi meiner alvor med ei av dei næringane som har størst vekstpotensial, må vi søkje å arbeide kunnskapsbasert. Der kjenslene får rå, vert kunnskapen oftast sett til side.

For meir informasjon:

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring
Jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00