Foto frå forhandlingsmøtet mellom Sogn og Fjordane og Hordaland om samanslåing av fylka. Vi ser fylkesrådmennene sitje i høgsetet, og forhandlingsdelegasjonen for Sogn og Fjordane sit mot kameraet. I forgrunnen ser vi forhandlingsleiaren til Hordaland
Foto frå forhandlingsmøtet mellom Sogn og Fjordane og Hordaland om samanslåing av fylka. Vi ser fylkesrådmennene sitje i høgsetet, og forhandlingsdelegasjonen for Sogn og Fjordane sit mot kameraet. I forgrunnen ser vi forhandlingsleiaren til Hordaland

Fylkesordførar Jenny Følling leiar forhandlingsdelegasjonen til sogn og Fjordane fylkeskommune, medan fylkesvaraordførar Pål Kårbø (med ryggen til) leiar delegasjonen frå Hordaland. Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Forhandlingane med Hordaland er i gang

Forhandlingane om å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane er i gang. Ein intensjonsplan om samanslåing skal etter planen vere ferdig i løpet av morgondagen.

Forhandlingsutvala i dei to fylka har møte på Bjørnefjorden Gjestetun i Os 16. og 17. januar. Fylkesordførar Jenny Følling leiar forhandlingane for Sogn og Fjordane.

– Vi har eit godt forhandlingsklima, men skal gjennom krevjande punkt. Eg håpar vi skal kome fram til ein god avtale, seier Følling.

Fylkesordføraren har med seg desse fire i forhandlingsutvalet:

  • Åshild Kjelsnes, fylkesvaraordførar
  • Noralv Distad, gruppeleiar Høgre
  • Tore Eriksen, fylkesrådmann
  • Elin Schei Stuhaug, fylkeshovudstillitsvald

Fylkestinga i dei fylka skal handsame intensjonsplan i starten av februar. Fylkestinget i Sogn og Fjordane har møte torsdag 2. februar, medan fylkestinget i Hordaland handsamar saka dagen etter, fredag 3. februar.

Meir om arbeidet med regionreforma i Sogn og Fjordane her.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Ole I. Gjerald
forhandlingssekretær
ole.inge.gjerald@sfj.no
408 57 025

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713