Foto av høgdegarden Ormelid i Luster. Biletet syner hovudhuset, fjøsen og stabburet ein sommardag. Graset er grønt, himmelen blå, og i bakgrunnen er det fjell med enkelte små snøflekkar.
Foto av høgdegarden Ormelid i Luster. Biletet syner hovudhuset, fjøsen og stabburet ein sommardag. Graset er grønt, himmelen blå, og i bakgrunnen er det fjell med enkelte små snøflekkar.

Fylkesdirektøren rår hovudutvalet til å løyve pengar til høgdegarden Ormelid i Luster, til både stabburet fremst i biletet og Øvstestova bak til venstre. (Foto: Stig Nordrumshagen)

Fordeler 6,2 millionar kroner til freda bygg

Fylkesdirektøren føreslår å løyve over 1,1 million kroner til Ormelid i Luster når hovudutvalet for næring og kultur skal fordele 6,2 millionar kroner til freda bygningar 7. mars.

Sogn og Fjordane fylkeskommunen har i 2017 fått til saman 7,5 millionar kroner over statsbudsjettet til freda bygningar, kulturmiljø og kulturlandskap. 6,2 millionar av dette skal fordelast når hovudutvalet har møte på Kviknes Hotel i Balestrand 7. mars.

Resten av beløpet, og ei førehandsløyving for 2018 på tre millionar kroner, vert fordelt seinare i år.

Fylkesdirektøren for næring og kultur føreslår å løyve pengar til 17 ulike prosjekt i denne omgangen, i tillegg til å løyve ein sum til restaureringsleiar og til dendroanalyse.

Istandsetjing på Ormelid

Eitt av prosjekta fylkesdirektøren vil gje tilskot er høgdegarden Ormelid inst i Fortunsdalen i Luster kommune. Forslaget går ut på å løyve 600 000 kr til istandsetjing av stabburet og 400 000 kroner til restaurering av Øvstestova på Ormelid.

Stabburet fekk ei mindre tildeling i 2016 og målet med framlegget til årets tildeling er at stabburet skal bli ferdig restaurert i løpet av 2017. I tillegg er det føreslått å løyve ein mindre sum til utarbeiding av ein forvaltningsplan for Ormelid. Fylkesdirektøren meiner ein slik plan vil gjere arbeidet til Stiftinga Ormelid gard med vedlikehald og bruk av eigedomen enklare og meir føreseieleg.

Søkte om elleve millionar

Bakgrunnen for tildelinga er søknadar frå eigarar av freda bygningar i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen fekk inn søknadar om tilskot til ulike prosjekt på totalt 11 060 000 kroner for 2017 og søkte om denne summen frå Riksantikvaren.

Les heile sakutgreiinga og framlegget til vedtak i saka om tilskot til freda bygningar, kulturmiljø og kulturlandskap her.

Pressemelding frå Riksantikvaren om tilskot til istandsetjing av freda bygg i 2017.

For meir informasjon

Arlen Synnøve Bidne
arlen.synnove.bidne@sfj.no
415 30 934

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00