Folkehelsedagane 2010

7. og 8. desember er det klart for Folkehelsedagane 2010. Konferansen vert på Rica Sunnfjord Hotel, og tema er samhandling og planlegging for å jamne ut sosiale skilnadar i helse.

Folkehelsedagane 2010 er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og partnarskapet Vardar for folkehelse. Konferansen har fått namnet Samhandling og planlegging for sosial utjamning og går av stabelen på Rica Sunnfjord Hotel i Førde 7. og 8. desember.

Fristen for å melde seg på er 19. november 2010. Det er elektronisk påmeldingsskjema på nettsidene til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Samhandlingsreforma set førebyggjande og helsefremjande arbeid på dagsorden, og det er dette som står i fokus på Folkehelsedagane 2010. Reforma legg opp til å førebyggje meir for å måtte reparere mindre.

Skal motverke sosial isolasjon

Ei utfordring i høve til dette, er å få til planlegging for å jamne ut sosiale skilnader i helse, ei anna er å få til eit godt samspel mellom helsetenesta og andre samfunnssektorar i folkehelsearbeidet.

Det er ein målsetnad å motverke sosial isolasjon – ved hjelp av universell utforming og tilrettelegging for alle grupper. I tillegg er det eit overordna mål at dei sunne vala må vere lett tilgjengelege og naturlege val for alle grupper.

Målgrupper

Målgruppene for konferansen er i første rekkje kommunalt/offentleg tilsette (teknisk etat, planleggjarar, helse- og sosialtenesta, eldreomsorga, skule, barnehage, SFO, kultur, folkehelse), frivillige organisasjonar og andre interesserte.

Samhandling og planlegging er viktige berebjelkar i dei nye lovkrava som er vedtekne i ny plan og bygningslov, diskriminerings- og tilgjengelegheitslova og i dei nye lovene som i desse dagar er ute til høyring frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Program for Folkehelsedagane 2010

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette