Folkehelsedagane 2006 - første samling for folkehelsenettverka

I midten av mars arrangerar Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen den første konferansen for alle som arbeider med folkehelse i fylket.

Konferansen har fått namnet Folkehelsedagane 2006 og føregår 15. og 16. mars på Skei Hotell. Det overordna temaet for konferansen er korleis best drive folkehelsearbeid i Sogn og Fjordane med fokus på lokal gjennomføring og mobilisering. Det blir lagt opp til både plenumsaktivitetar og parallellsesjonar, og sett av tid til at nettverka og faggruppene kan ha eigne møter.

Program

Målet med samlinga er å gje fagleg påfyll, drøfte problemstillingar og ikkje minst få høve til å bli kjent med kvarandre. Første dag vil ein representant frå sosial- og helsedirektoratetta opp temaet sosial ulikheit og helse, korleis kan vi jobbe med det? Bjørg Eikum Tang presenterar folkehelsesatsinga i Fylkesplanen og det blir interne møte i dei ulike faggruppene og for folkehelsekoordinatorane. Dag to vil mellom anna koordinator Liv Marit Bølset snakke omforankring av folkehelsearbeidet i Ski kommune og det blir presentasjon av mål og prioriteringar frå dei ulike gruppene sine arbeidsområde i 2006.

Program og påmelding

Nettverk i vekst

Folkehelsenettverket i Sogn og Fjordane har vokse seg stort. Inviterte til Folkehelsedagane er deltakarar i Forum for folkehelse, folkehelsekoordinatorane i femten kommunar, Nettverk for fysisk aktivitet, Ressursgruppe for tobakk, Ressursgruppe for ernæring, Fylkestrafikktryggings-utvalet, Trygge lokalsamfunn Sogn og Fjordane, sekretariat for Rusfagleg forum, tverretatleg folkehelseteam i fylkeskommunen og samarbeidsgruppe hos fylkesmannen. Personane som deltek i gruppene representerer offentlege instansar på regionalt og kommunalt nivå, fag- og forskingsmiljø og frivillige organisasjonar. Totalt er det snakk om ca. 80 personar. Emma Bjørnsen er programleiar for folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane.

 Når vi ser på tal inviterte til denne konferansen er det etter kvart ikkje reint få som jobbar med folkehelse her i fylket, seier Emma Bjørnsen nøgd. Ho håpar no på god oppslutnad til konferansen på Skei.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette