Folkehelse-sak om alkoholforbruk

Nordmenn har dobla forbruket av vin på 10 år. Vi drikk no i snitt 38 flasker vin i året. Alkokutt og AKAN meiner prisane må aukast for å dempe veksten.

Tekst: Steinar Drægni, folkehelsekoordinator Årdal

Medan det berre er ein svak auke i øl og brennevinsforbruket de siste ti åra, er altså det registrerte vinforbruket fordobla.

Vedvarande tendens

I 1995 var det registrerte vinforbruket på i underkant av 31 millionar liter/år.

I fjor var talet 61 millionar liter.

I tillegg kjem det uregistrerte forbruket, heimelaga vin, og vin vi tek med oss frå utlandet.

Kor stor denne delen er, er usikkert, men forskar Øyvind Horvrak ved SIRUS (Statens institutt for rusmiddelforskning) trur dette utgjer ca 40 prosent av totalforbruket.

Dermed drikk vi no ca. 100 millionar liter vin i året.

Eller 38 flasker i snitt pr. nordmann over 18 år.

Pappvinen, (bag in box konseptet), har vore ein rakettmotor for vinkforbruket vårt.

Det er så mykje lettare å ta eit glas frå ein opna kartong enn å opne ei flaske.

Vårt store forbruk er ikkje bra

Nordmenn drikk relativt mykje uansett kva vi drikk, seier forskaren.

Samtidig er dette også sosialt bestemt, i visse lag av befolkninga held ein seg kanskje til eit glas vin eller to pr. dag.

Men det er for det meste slik at den nye måten å drikke på, har lagt seg oppå det gamle drikkemønsteret.

- Men et glas vin eller to pr. dag er vel sunt?

- Dette er svært usikkert. Det som er heilt sikkert, er at det er sunt å la vere å drikke.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette