Folkehelse og trygge lokalsamfunn for framtida

"Barneborna våre vil hate oss viss vi ikkje gjer noko for å trygge oppveksten deira," sa dr. Leif Svanstrøm frå Sverige på Den Andre Europeiske Safe Community-konferansen på Island. Han leia seremonien då det islandske Folkehelseinstituttet vart ressurssenter for Trygge Lokalsamfunn.

– Sogn og Fjordane fylkeskommune er glad for å ønskje Det islandske Folkehelseinstituttet til lukke med å bli utpeikt til ressurssenter med oppgåve å rettleie kommunar som ønskjer å bli Trygge Lokalsamfunn. Fylkeskommunen vår vart utpeikt som Trygt Lokalsamfunn i 2005, og vi er framleis den einaste fylkeskommune i Noreg som held denne standarden, sa fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Ho overrrekte ein plakett med fylkesvåpenet til leiar for Det islandske Folkehelseinstituttet Margret Bjørnsdottir.

– Vi veit at vi stettar krava som skal til for å få fornya statusen. Min ambisjon er at vi etter ei fornya godkjenning skal bli endå tydlege som Trygt Lokalsamfunn for folket i fylket, sa fylkesvaraordføraren.

Konturar av det moderne framtidssamfunn

Korleis hindre sjølvmord og mishandling av eldre, var to av emna som fekk mest tid og merksemd på første konferansedag i Reykjavik. Samtidig kom det fram at det er ein lang veg å gå i arbeidet med å få Trygge lokalsamfunn til å bli slik til dømes fylkesplanen for folkehelse i Sogn og Fjordane stiller opp i visjonen sin: ”Meiningsfulle liv for alle borgarar, god helse og rik kultur i opne og trygge omgjevnader som er tilgjengelege for alle”.

Ein ny måte å tenke og handle på

Dr. Bo Henricson var den som var med då Sogn og Fjordane fylkeskommune vart Trygt Lokalsamfunn. Han bur i Arjeplog i Sverige og sette namn på både utfordringar og løysingar i sitt føredrag. Sjølv opplevde han at søstera tok livet sitt. Arjeplog med 3200 innbyggjarar hadde det han kalla ei av dei største helseutfordringar i verda med den høgste sjølvmordsrate i Sverige i perioden 1983–1993.

Henricson var med og starta ”Forza Arjeplog” som ei motkraft til dei negative realitetane. Det var enkle midlar som til dømes dansegrupper, ”Dream Teams” for samvær og samtale, i det heile ressursar som finst i alle lokalsamfunn. Resultatet var at frå 2002 til no har det ikkje vore eit einaste sjølvmord i Arjeplog, og kvinnene som flytta vekk i hopetal blir no verande.

Førebygging for det gode liv

Dr. Louis Francescutti slo fast at rundt 50 prosent av alle dødsfall i ulukker eller som resultat av overgrep og sjølvmord kan hindrast. Det handlar om å skifte fokus. Til dømes har det vore ei lite kjend sak at i bilen der prinsesse Diana miste livet, var det ein overlevande. Han var også den einaste som var fastspent med sikkerheitsbelte, men den opplysninga drukna i sensasjonen i følgje Francescutti.
Det handlar om å ta menneskeverd på alvor og bake det inn i politikk og planar for framtida. ”I dag startar vi altfor ofte med å slå fast løysinga før vi analyserer utfordringa,” sa Francescutti. Han hevda at sjølvrealisering, sjølvrespekt og tilhøyr er avgjerande verdiar i samfunn som skal bli gode i framtida, og at slik tankegang må gjennomsyre arbeidslivet.

Sterke motkrefter

Fleire føredragshaldarar var inne på ”The Killers” som dei kalla representantane for motkreftene til Safe Communities. Dei representerer skeptikarane som ikkje ønskjer framgang i denne typen arbeid. Frå ulike føredragshaldarar vart det også trekt fram at Trygge Lokalsamfunn er ein ny måte å tenke på. Det er nytt å møte utfordringar som til dømes helseskadeleg mat og einsemd med positive alternativ i staden for strenge lover og påbod. Det er denne nye og framtidsretta måte å sjå utfordringane i livet på som står i sentrum for arbeidet med Trygge Lokalsamfunn.

Del dette:

Relaterte lenker