Folkehelsa er god i Sogn og Fjordane

Det nasjonale Folkehelsebarometeret for 2014 vart presentert kommunevis 22. januar. – Sogn og Fjordane peiker seg positivt ut på dei fleste helseindikatorane, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.

Folkehelseinstituttet kom med ny statistikk på utvalde folkehelseindikatorar for kommunane. Desse viser helsesituasjonen for kvar einskild kommune samanlikna med landet som heilskap,

Kva indikatorar som vert nytta varierer noko frå år til år. Det er avhengig av kvaliteten på dei nasjonale databasane, og om data kan brytast ned på kommunenivå. Slik sett får vi ikkje nødvendigvis dei viktigaste indikatorane for folkehelsa, men dei som er tilgjengelege.

Positiv utvikling

Statistikken for fylket viser at Sogn og Fjordane framleis peiker seg positivt ut på mange indikatorar: Vi har ikkje store skilnader i inntekt, og delen barn mellom 0 og 17 år som lever i fattige familiar, er låg. Vi har også færre barn som har einsleg forsytarar. Vi har færre unge arbeidsledige (15–29 år) og færre unge uføretrygda (18–44 år).

Trivselen på skulen målt ved 10. klasse, er noko betre enn landsgjennomsnittet, og mobbing i skulen for same alderstrinn er vesentleg betre enn for landet. Det same er fråfall i vidaregåande skule (25 prosent for landet og 19 prosent for fylket).

Andelen kvinner som røykjer er 1 prosent lågare enn for landet. Psykiske symptom og lidingar som vert behandla i primærhelsetenesta, er også lågare enn for landet. Vi har færre tilfelle av diabetes type 2, KOLS og astma, og færre som døyr av lungekreft og KOLS.

Utfordringar

– Samtidig som vi ser at fylket har mange positive trekk, har vi òg våre utfordringar. Fleire personskadar vert behandla i sjukehusa, lågaste mestringsnivået i lesing i 5. klasse er lågare enn for landet. Vi har 5 prosent meir overvekt hjå menn enn landet samla, og vi har fleire nye tilfelle av tjukk- og endetarmskreft som vert behandla i primærhelsetenesta. Det same gjeld for muskel- og skjelettlidingar, seier Skuggen Hoff.

Når det gjeld forventa levealder for både menn og kvinner ligg vi noko betre enn landet samla. Vi ligg likt med det nasjonale nivået når det gjeld hjerte- og karsjukdom, samt nye tilfelle av kreft og hoftebrot.

Påverknadsfaktorar

Helsa vår vert påverka både positivt og negativt av mange faktorar. Maten vi et, lufta vi pustar inn, utforminga av bustadområda våre og andre miljøtilhøve verkar inn på helse, livskvalitet og trivsel.

Det finst ikkje nasjonale register for positive helsefaktorar i dag. Difor må vi på fylkes- og kommunalt nivå nytte lokalkunnskapen vår om helsefremmande og -hemmande faktorar og kvalitetar ved miljøa våre som kan spel inn på helsa til befolkninga. Lokalkunnskap skal saman med eigne undersøkingar, fagkunnskapen kommunane sit med og folkehelseprofilane frå Folkehelseinstituttet utgjere kunnskapsgrunnlaget vi nyttar i planlegginga vår.

– Det er dette vi no tek tak i når fylket har starta arbeidet med ein regional plan for folkehelse. Her vil vi og legge vekt på kva dei ulike aktørane kan gjere for at vi saman kan skape eit enno betre fylke å leve i med god trivsel og helse, seier Skuggen Hoff.

Skilnadar i kommunane

– Samtidig som vi ser det store biletet for fylket, ser vi òg at det er skilnadar mellom einskilde kommunar. Vi ser at nokre kommunar skil seg positivt ut samanlikna med andre i fylket. Andre igjen har ei blanding av indikatorar som skil seg positivt og negativt ut. For å illustrere dette har vi gjort ei enkel vurdering av nokre kommunar, seier fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff.

Flora har litt fleire personskader enn fylket og lågare mestringsnivå i 5. klasse (35 prosent mot 29 prosent for fylket). Kommunen har fleire unge arbeidslause og uføretrygda, og fleire barn av einslege forsytarar. Fråfallet i vidaregåande skule er likt med landet og såleis høgare enn for fylket. Kommunen har noko fleire overvektige menn, meir hjarte- og karsjukdom, muskel- og skjelettlidingar og vesentleg meir hoftebrot. På ein indikator skil kommunen seg positivt frå fylket, og det gjeld bruken av kolesterolsenkande legemidlar.

Samanlikna med fylket har Førde har langt fleire personskader (20 mot 17 pr. 1000 innbyggar) og psykiske lidingar (133 mot 106 pr. 1000), samt fleire einslege forsytarar. På indikatorar der kommunen skil seg positivt frå fylket finn vi at kommunen har færre unge som lever i familiar med låg inntekt, færre unge arbeidsledige, færre elevar i 10. klasse som vert mobba på skulen, færre kvinner røykjer (10 prosent mot 14 prosent for fylket). Kommunen har vesentleg mindre diabetes type2.

Ser vi på Eid finn vi at kommunen skil seg særs positivt ut samanlikna med fylket når det gjeld mobbing, lågaste mestringsnivå i lesing (12 prosent mot 29 prosent) og fråfall i vidaregåande skule (13 prosent mot 19 prosent). Kommunen har også noko mindre personskader og overvekt blant menn. Positivt er også at kommunen har mindre diabetes type 2, KOLS og astma. Kommunen skil seg negativt ut ved fleire tilfelle av hjarte- karsjukdom (124 mot 104 pr. 1000), nye tilfelle av kreft og meir muskel og skjelettlidingar.

Stryn skil seg positivt ut på alle indikatorar samanlikna med fylket med unnatak av at kommunen har fleire barn som lever i familiar med låg inntekt og fleire arbeidsledige.

Sogndal skil seg også positivt ut samanlikna med fylket på dei fleste indikatorar. Unnataket er fråfallet i vidaregåande skule som er 1 prosent høgare enn for fylket og for tykk- og endetarmskreft der kommunen ligg vesentleg høgare enn fylket (101 mot 82 nye tilfelle pr. 100 000 innbyggar).

For Vågsøy ser vi at kommunen har langt fleire unge arbeidsledige enn fylket (2,3 prosent mot 1,5 prosent), noko meir psykiske lidingar og meir hjarte-kar sjukdom og fleire som nyttar kolesterolsenkande legemidlar. Kommunen har også fleire som vert medisinert for KOLS og astma og noko fleire som døyr av lungekreft og KOLS, samt fleire muskel- og skjellettlidingar. På den positive sida har kommunen færre unge uføretrygda og færre barn av einslege forsytarar. Fråfallet i vidaregåande skule er også lågare enn for fylket (17 prosent mot 19 prosent), og det same er talet på overvekt for menn (27 prosent mot 30 prosent)

Folkehelseprofilane for alle kommunane finn de

For meir informasjon

Svein Arne Skuggen Hoff
fylkesdirektør for plan og samfunn
918 88 868
svein.arne.hoff@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker