Førstegongsutstillarar og hoffleverandørar

Blant dei 23 bedriftene representert på Sogn og Fjordane fylkeskommune sin fellesstand på oljemessa i Stavanger, var det god stemning å spore.

John Magne Oppedal i Hellenes AS er ein av dei som brukar veka på å stå på stand på oljemessa i Stavanger, ONS 2014.

Han opplever at mange av dei som kjem innom er interesserte i kva det Førde-baserte selskapet driv med.

– Enkelt sagt kan ein seie at vi driv med tekniske fagdisiplinar som automasjon, elektrisk, mekanisk, prosess og ingeniørarbeid, seier Oppedal.

Han byrja å jobbe i Hellenes AS for kort tid sidan, og nytta sjansen til å flytte heim til Viksdalen.

– Det er litt pendlarveg, men då eg fekk moglegheita til å flytta heimover i samband med jobb, var ikkje valet vanskeleg, seier viksdølingen.

Oppedal sjølv jobbar som prosjektingeniør, og er stolt av at Hellenes har blitt så å seie verdsleiande innan sitt område.

«Hoffleverandør»

– Ein kan vel seie det når vi har blitt ein slags «hoffleverandør» for Halliburton, eit leiande oljeserviceselskap.

Hellenes AS arbeidar mykje med såkalla «TCC» - Thermo mechanical cutting cleaner.

– Det vil seie at vi arbeidar med gjenvinning av for eksempel olje, vatn og anna stoff som blir sleppt ut under vassoverflata når vi borrar på havbotnen, seier Oppedal.

Oppedal er ikkje aleine frå Hellenes AS.

– Nei, det er eg ikkje. Vi har òg folk som går rundt på messa og pratar med folk og oppsøker bedrifter som kan vere interessante for oss. Ein må vere proaktiv.

Første gong som utstillarar

Bjørn Havro og Steinar Prestnes står på stand for HMR Group, som blant anna har lokalkontor i Årdal.

– Det er første gong vi er her som utstillarar. Før har vi vore med som deltakarar, men i år fekk vi stand på fylkeskommunen sitt område, seier Havro.

Så langt har ikkje HMR Group sin stand hatt det heilt store besøket, men Havro og Prestnes opplever at dei likevel får noko å gjere.

– Det kjem jo sjølvsagt folk forbi. Og vi er jo nettopp komme i gang, seier Havro.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut