Første politiske møte utan papir

Hovudutvalet for samferdsle hadde 23. januar det første papirlause politiske møtet i fylkeskommunen. Dette var første gong det ikkje har vorte sendt ut sakspapir på nettopp papir.

Hovudutvalet kopla seg opp med pc-ar på Fylkeshuset klokka 12.00 i dag. Sakspapira var sende ut i verktyet OneNote.

– Dette er det første papirlause møtet, men eg reknar med det elles blir som før, sa hovudutvalsleiar Arnstein Menes (Sp) då han opna møtet.

Handsama høyringssak om E39

Han konstaterte også at det framleis er spor av papir rundt bordet, men at all sakshandsaming no skjer elektronisk. Framlegg som vart fremja under møtet, vart sende rundt til hovudutvalsmedlemane på e-post.

Hovudutvalet for samferdsle handsama i møtet blant anna høyringssaka om framtidig trasé for E39 mellom Skei og Volda. Heile sakslista for møtet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune vert den første fylkeskommunen i landet som tek i bruk papirlause møte i alle politiske utval. Alle fylkestingspolitikarane fekk utdelt pc-ar 14. desember i fjor.

Del dette:

Relaterte lenker

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568