Illustrasjon med fylkesvåpena til Sogn og Fjordane og Hordaland.
Illustrasjon med fylkesvåpena til Sogn og Fjordane og Hordaland.

Første møte for arbeidsutvalet til fellesnemnda

Arbeidsutvalet til fellesnemnda som førebur samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland frå 2020, har sitt første møte 29. januar 2018.

Møtet vert avvikla på Skype, der politikarane frå Sogn og Fjordane er samla på Fylkeshuset i Leikanger, og politikarane frå Hordaland er samla på Fylkeshuset i Bergen. Møtet startar kl. 10.00.

Saksliste for møtet i arbeidsutvalet til fellesnemnda 29. januar 2018.

Desse sit i arbeidsutvalet

Hordaland

  • Anne Gine Hestetun, Ap, leiar
  • Pål Kårbø, Krf,
  • Silja Ekeland Bjørkly, H
  • Roald Stenseide, FrP

Sogn og Fjordane

  • Jenny Følling, Sp, nestleiar
  • Åshild Kjelsnes, Ap
  • Bjørn Hollevik, H
  • Sigurd Reksnes, Sp

Arbeidsutvalet kan gjere vedtak i følgjande saker der ein ikkje treng å kalle saman heile fellesnemnda:

  1. Kurante saker utan vesentleg økonomisk eller prinsipiell betydning.
  2. Hastesaker der det er nødvendig å gjere vedtak i forkant av oppsette møte i fellesnemnda.
  3. Oppfølging av fullmakter i enkeltsaker gitt av fellesnemnda

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568