Emma Bjørnsen har 25 års erfaring med folkehelsearbeid i fylkeskommunen, der ho blant anna har jobba tett med kommunane, Høgskulen og Fylkesmannen. No er ho seniorrågjevar i Helse Førde. (Foto: Helse Førde)
Emma Bjørnsen har 25 års erfaring med folkehelsearbeid i fylkeskommunen, der ho blant anna har jobba tett med kommunane, Høgskulen og Fylkesmannen. No er ho seniorrågjevar i Helse Førde. (Foto: Helse Førde)

Emma Bjørnsen har 25 års erfaring med folkehelsearbeid i fylkeskommunen, der ho blant anna har jobba tett med kommunane, Høgskulen og Fylkesmannen. No er ho seniorrågjevar i Helse Førde. (Foto: Helse Førde)

Første med internasjonal folkehelsetittel i Noreg

Tidlegare fagkoordinator for folkehelse i fylkeskommunen, Emma Bjørnsen, har no fått den internasjonale tittelen European Health Promotion Practioner – som den første i Noreg.

Det var den europeiske organisasjonen International Union for Health Promotion and Education (IUHPE) som nyleg avgjorde at Bjørnsen er sertifisert for denne tittelen. Enkelt sagt betyr det at ho er ekspert på folkehelsearbeid.

Lang fartstid innan folkehelsearbeid
Bjørnsen jobba med folkehelse i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 25 år før ho tidlegare i år melde overgang til Helse Førde. I fylkeskommunen har ho blant anna etablert og følgt opp partnarskap for folkehelse med kommunane, hatt ansvar for satsinga Trygge lokalsamfunn og hjelpt kommunane med å forankre folkehelse i planarbeid. Ho har også administrert ei statleg tilskotsordning for fysisk aktivitet i eit folkehelseperspektiv.

Denne erfaringa, saman med hovudfaget i sosiologi og ein internasjonal mastergrad i health promotion, kvalifiserer Bjørnsen til tittelen European Health Promotion Practioner.

Folkehelse meir akseptert som fagområde
At ho så langt er den einaste i Noreg med denne tittelen, er eit resultat både av omfattande erfaring og utdanning og av at dette er eit nokså nytt system i Europa. Bjørnsen håpar fleire frå Noreg og Sogn og Fjordane etter kvart vil søkje om slik status.

– Eg tykkjer sjølvsagt det er stas å bli akseptert i dette systemet som den første her i landet. Særleg er det kjekt at den måten eg har arbeidd på gjennom mange år viser seg å halde mål etter desse temmeleg strenge internasjonale krava. I løpet av dei ti siste åra har folkehelse blitt meir og meir akseptert som eit eige fagområde, og ei rekke utdanningar på høgt nivå har vakse fram innanfor feltet. Men ein har mangla spesifikke krav til kompetanse for desse, og difor er det flott at eit slikt akkrediteringssystem no er på plass, seier ho.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette