Bilete av ein steinmur som går langs fjellsida og avsluttar ved eit stup.
Bilete av ein steinmur som går langs fjellsida og avsluttar ved eit stup.

Muren på Handadalseggi kan ha leia reinsdyra mot stupet til høgre i bildet. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Førhistorisk styrtfangst kring Fresvikbreen

Arkeologar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Universitetsmuseet i Bergen har i haust dokumentert og registrert fangstanlegg på sørsida av Fresvikbreen.

Det vart lagt særleg vekt på område øvst i Handadalen. Her ligg dei to kjende førhistoriske fangstanlegg for reinsdyr «Langafjellet» og «Handadalseggi».

Fangstmetoden på dei to anlegga er noko uvanleg. Dyra har vorte jaga mot fangstanlegget som består av ein eller fleire murar, samt bogesteller som sperrar dei smale fjellryggane på tvers. Føremålet kan ha vore å jage heile flokken utanfor bratte stup i enden av kvar sperremur.

Truleg ein svært effektiv jaktform, men det kan ikkje ha vore kjøtkvaliteten som var viktigast ved fangsten.

Gevir til produksjon av beinkammar og kanskje skinn var viktige handelsvarer. Varer som på kontinentet ville ha vore sjeldne og eksklusive. Eit eksempel på handel med kontinentet finn vi på Tryti i Vik. Her er det funne ein beinkam frå eldre jernalder med ein svært spesifikk form for dekorasjon. Ein tilsvarande beinkam, med same dekor er funne i det kjende Illerup-funnet frå eldre jernalder på Jylland. Det er truleg same handverkar som står bak produksjonen av dei to kammane.

Dei to styrtfangstanlegga kan slik sett ha vore viktige i handel med kontinentet i eldre jernalder. Kontroll og administrasjon med fangst, foredling og handelen har vore viktige maktfaktorar i lokalsamfunna i Sogn. Makta kjem til syne i form av dei store gravhaugane i Vik og Aurland, med tilhøyrande rike gravfunn.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00