Fotocollage som syner fire bilete. Det første er av Dalsfjordbrua, det andre av tannbehandling med laser, det tredje av ein gamal rokk og det fjerde av to små jenter som ser i ei bok. Bileta illustrerer ulike offentlege oppgåver, samferdsle, tannhelse, kulturminne og bibliotek. Foto barn på bibliotek: Alexander Klanderud. Foto resten: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Fotocollage som syner fire bilete. Det første er av Dalsfjordbrua, det andre av tannbehandling med laser, det tredje av ein gamal rokk og det fjerde av to små jenter som ser i ei bok. Bileta illustrerer ulike offentlege oppgåver, samferdsle, tannhelse, kulturminne og bibliotek. Foto barn på bibliotek: Alexander Klanderud. Foto resten: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto barn på bibliotek: Alexander Klanderud. Foto resten: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Føreslår ny oppgåvefordeling

Ei faggruppe leia av fylkesrådmannen føreslår å leggje ein større del av offentlege oppgåver som ikkje gjeld tilsyn, klage, kontroll og beredskap til anten kommunane eller fylkeskommunen/større regionar.

Faggruppa vil også ha nasjonalt kompetansesenter for busetnad og integrering til fylket.

Overtaking av arbeidsoppgåver frå Nav, større ansvar innanfor barnevernstenesta, ansvar for tildeling av mindre kraftkonsesjonar og drift av den offentlege tannhelsetenesta – dette er noko av oppgåvene faggruppa meiner kommunane bør ha i framtida. Når det gjeld fylkeskommunen, så vil gruppa blant anna overføre oppgåver knytt til landbruk og bygdeutvikling frå Fylkesmannen.

Demokratireform

– Regjeringa seier at kommune- og regionreforma skal vere ei demokratireform, og at dei vil flytte makt og ansvar til kommunane. Då må kommunane og fylkeskommunane få overført så politisk interessante og viktige oppgåver at både politikarar og veljarar merkar det, seier fylkesrådmann Tore Eriksen, som har leia faggruppa.

Det er ein grundig rapport faggruppa no sender frå seg. Over 80 sider greier dei ut korleis dei ser føre seg kva oppgåver som skal liggje til det kommunale og regionale nivået i Sogn og Fjordane i framtida.

Faggruppa understrekar at generalistkommuneprinsippet ligg til grunn for alle vurderingar. Det betyr at alle kommunar og fylkeskommunar/regionar skal ha same krav til tenester og oppgåver uavhengig av innbyggjartal, busetnadsstruktur og andre geografiske og demografiske tilhøve.

Storleiken avgjerande

Kommune- og regionreforma kan få ulike utfall, med alt frå små justeringar i dagens struktur til ei radikal reform der vi endar opp med rundt hundre kommunar her i landet. Faggruppa tek difor høgde for ulike utfall for Sogn og Fjordane, mellom anna når det gjeld storleik. Storleiken på kommunane er avgjerande for kva oppgåver faggruppa meiner kommunane kan ha ansvar for.

Mellom anna meiner faggruppa at det krev kommunar med opp mot 50 000 innbyggjarar for å kunne overta ansvaret for tannhelsetenesta frå fylkeskommunen og barnevernet frå BUF-etat (staten).

Når det gjeld «mindre» oppgåver, som forvalting av tilskotsordningar for kulturarrangement og eigarskapen til mindre fylkesvegar, så meiner faggruppa at kommunane kan overta dei med dagens storleik.

Nasjonalt kompetansesenter til Flora

Faggruppa meiner også noko om styrking og etablering av statlege arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.

– Vi meiner i all hovudsak at det å fordele statlege arbeidsplassar utover landet medverkar til å spreie makt, byggje kompetansemiljø og leggje til rette for livskraftige lokalsamfunn. Interessante fagmiljø i distrikta er avgjerande dersom vi skal sikre tilflytting av unge og utvikling i regionane, slår Tore Eriksen fast.

Ei av tilrådinga til faggruppa er at det bør opprettast eit nasjonalt kompetansesenter for busetnad og integrering i Sogn og Fjordane. Eit slikt senter vil sjå kva utfordringar både distrikt og regionar opplever – og kan såleis definere kva behov og utfordringar som finst her. Gruppa meiner Flora kommune er aktuell lokaliseringsstad for eit slikt senter, i og med at kommunen alt har etablert dette som eit sentralt satsingsområde.

Samansetnad av faggruppe

Fylkesrådmann Tore Eriksen har hatt med seg desse fem rådmennene i faggruppa:

  • Terje Heggheim, rådmann i Flora, leiar i rådmannsutvalet i fylket
  • Håkon Loftheim, rådmann i Askvoll, utpeikt blant rådmennene i HAFS-regionråd
  • Alf Olsen, rådmann i Lærdal, utpeikt blant rådmennene i Sogn Regionråd
  • Per Kristian Storevik, rådmann i Stryn, utpeikt blant rådmennene i Nordfjordrådet
  • Børge Tvedt, rådmann i Jølster, utpeikt blant rådmennene i SIS-kommunane

Les heile rapporten "Oppgåvefordeling i Sogn og Fjordane" her.

Presentert på haustkonferansen til KS

Fylkesrådmann Tore Eriksen presenterte rapporten på haustkonferansen til KS Sogn og Fjordane 18. november:

Presentasjon av rapporten "Oppgåvefordeling i Sogn og Fjordane"

Politisk handsaming

Fylkesutvalet og fylkestinget skal handsame rapporten no i haust, fylkesutvalet i møtet 25. november og fylkestinget i møtet 8. desember.

Les den politiske saka "Oppgåvedeling i Sogn og Fjordane".

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tore.eriksen@sfj.no
415 30 932

Ole I. Gjerald
seniorrådgjevar
ole.i.gjerald@sfj.no
408 57 025

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut