Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Teaterfestivalen i Fjaler, Kari Støfringsdal, Sigrid Moldestad og Ove Henning Solheim/Dans utan grenser er blant dei tidlegare vinnarane av fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane.
Føreslå kandidatar til fylkeskulturprisen 2019
Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin, som du rett og slett meiner burde få den siste fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane?
No ynskjer fylkeskommune framlegg til kandidatar, og du kan sende inn forslag her.
Prisen har tidlegare gått til mellom andre Dans utan grenser, Hilde Bjørkum og Teaterfestivalen i Fjaler.
Skal inspirere og hjelpe fram kulturarbeidet
Prisen går til einskildpersonar, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane. Prisvinnaren må ha vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege, ha talent eller vise kreativitet og evne til nyskaping.
Prisen er på 50 000 kr og eit diplom, og utdelinga skjer i samband med fylkestinget i desember.
Fylkeskommunen har delt ut fylkeskulturprisen sidan 1980. Målet er å hjelpe fram kulturarbeidet i Sogn og Fjordane og å inspirere til å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.
Fristen for å nominere kandidatar er 15. oktober 2019.
Du kan også sende inn forslag til kandidat til post@sfj.no.
Fylkesdirektør

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no
905 66 623
Ingebjørg Erikstad
assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941