Foto frå møtet i fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane.
Foto frå møtet i fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fellesnemnda møttest på Fylkeshuset i Leikanger 8. mars 2018. Dette var nemnda sitt andre møte, og politikarar frå både Sogn og Fjordane og Hordaland jobba her vidare med å førebu fylkessamanslåinga.

Førebur nytt storfylke: – Vi skal gripe moglegheitene i regionreforma

Fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane jobba med den politiske og administrative organiseringa av det nye storfylket ho hadde sitt andre møte i dag.

Fellesnemnda er samla i Leikanger i Sogn. Før dei starta med sakshandsaming, hadde nemnda ein arbeidsverkstad, der dei såg nærare på korleis det nye storfylket skal organiserast.

Skal gripe moglegheitene

– Regionreforma er ei viktig reform for Vestlandet og resten av landet. Ho gir store moglegheiter, og dei skal vi ta. Den politiske verkstaden vi har hatt i dag var ein god start på arbeidet med framtidig politisk organisering, som er grunnlaget for å tilby gode tenester til innbyggjarane, seier leiar for fellesnemnda og fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

I den politiske verkstaden møttest politikarane på tvers av fylkesgrensene. Dei diskuterte korleis den nye fylkeskommunen på Vestlandet skal organisere seg for å løyse oppgåvene som fylket har og kan få som følgje av regionreforma.

Må sikre oppgåver og ressursar

– Eit viktig arbeid framover blir å sikre at fylket får oppgåver og ressursar som gjer at vi kan ta eit større ansvar for næringsutvikling, kultur og integrering på Vestlandet. Det vil vere avgjerande for at vi skal lukkast med det nye storfylket, seier nestleiar for fellesnemnda og fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Fellesnemnda handsamar fleire saker i møtet i dag, blant anna om administrativ organisering og leiinga for tannhelsetenesta i det nye fylket. Politikarane vedtok rammene for budsjett for samanslåingsprosesssen.

Den nye fylkeskommunen skal tre i kraft frå 1. januar 2020.

Saksliste for møtet i fellesnemnda 8. mars 2018.

For meir informasjon

Anne Gine Hestetun
leiar for fellesnemnda
fylkesordforar@hfk.no
55 23 9011

Jenny Følling
nestleiar for fellesnemnda
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713