Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 2019

Torsdag 4. juli var fylkesordføraren med under opninga av årets Førdefestival - den 30. i rekkja. 

Førdefestivalen 2019

Kjære frammøtte, og velkomne hit til opninga av årets Førdefestival, og 30 års jubileum!

30 år utan grenser er det høvelege slagordet for årets jubileumsfestival her i Førde!

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, eller Førdefestivalen som vi seier på folkemunne, vart altså skipa i 1989, og har skapt uforgløymelege opplevingar her i Førde gjennom tre tiår.

For meg er Førdefestivalen, ikkje berre eit strålande kultur- og musikkarrangement, men også ein brubyggjar mellom folk og ulike samfunn. Desse dagane her i Førde møtest alle i musikken og kulturen, og døma er mange på at ein gjennom den musikalske språkdrakta finn kvarandre på tvers av både ulike sjangrar og kulturar.

Spennvidda i festivalprogrammet er rett og slett imponerande. I løpet av nokre få dagar får vi servert frå festivalfilm, til vår bukkehornspelande Karl Seglem, til føredrag om berekraftig kultur og reiseliv, dansekurs for born og vaksne i ulike sjangrar og sjølvsagt ein masse flott, allsidig folkemusikk frå verdas mange krokar. Det er mykje å glede seg til. 

Nytt av året er eit stort festivaltelt, som gjer auka fleksibilitet og føreseielegheit under norsk sommarhimmel. Førdefestivalen skal òg arrangere konsertar i heile fem kommunar, Haave-bua i Florø, Gloppen hotell på Sandane, Jakob Sande-tunet i Dale og Jølstramuseet, og på Fjordamat-tunet på Vassenden – i tillegg til alle aktiviteten her i Førde. Det er flott at det flott omlandet brukast i dette høvet òg; vi er heldige som har så flotte og varierte moglegheiter i nærleiken!

Festivalen tel over 100 arrangement fordelt på 300 artistar, som skal spele på alle dei 30 ulike scenane som er i bruk under årets festival. Det er imponerande og seier noko om både omfanget og statusen som festivalen har opparbeidd seg. Det er ikkje utan grunn at internasjonale aktørar som The Guardian og National Geographic har nemnt Førdefestivalen som ein av Europas beste festivalar. Om lag 26 000 besøkande tek turen  kvart år, og dreg med seg både positiv merksemd og stor omsetjing for både Førde sentrum og omland kvart einaste år.

Eg vil gje ein ekstra honnør til festivalen og festivalleiinga for å ta si rolle som samfunnsbyggjar og forsvarar av enkeltmenneska i ein situasjon der mange gjer mykje, men der nokre òg vel enklaste utveg. Òg ein ekstra klapp til alle som bidreg med frivillige dugnadstimar for at denne festivalen skal vere mogleg!

Avslutningsvis vil eg sei, at eg håpar alle får fine, kulturelle og hendingsrike dagar her i Førde og kommunane rundt. Eg håpar de vil glede dykk i fellesskap med fantastiske opplevingar!