Bilete av dagsturhytta Gyttakvia.

Sissel Straume Svoen

Førde: Gytta

Dagsturhytta i Førde kommune var på plass i desember 2018. Hytta har solcellepanel som gjer lys innvendig. 

Tilkomst og parkering

Ein kan parkere ved Vieåsen barnehage. 


Bilete av ei av dagsturhyttene.
Bålpanna ved Gytta

Stien til hytta

Start turen ved aktivitetsparken i Vieåsen. Gå ein bratt og gruslagd sti til venstre oppover forbi husa. Turen er godt opparbeidd med både stein, røter og mjukt underlag. Hytta ligg litt under Vetle Viefjellet. Ein kan gå vidare til Viefjellet. Der kan ein gå vidare til Soleide.

Turen til hytta tek om lag 20 minutt i normalt gåtempo. Ein kan rekne med 40 minutter med ungar. Hytta ligg på om lag 300 moh. 

Kontaktinformasjon

Gytta har ei eiga Facebookgruppe, og ein eigen dugnadsgjeng. 

Trond Ueland, Førde kommune. 

E-post: Trond.Ueland@forde.kommune.no

 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut