Foto av fylkesordførarane Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Pål Kårbø i Hordaland då dei underteikna intensjonsplanen for samanslåing av fylka. Kårbø er kledd i blå skjorte og dress, Følling i raud topp.
Foto av fylkesordførarane Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Pål Kårbø i Hordaland då dei underteikna intensjonsplanen for samanslåing av fylka. Kårbø er kledd i blå skjorte og dress, Følling i raud topp.

Fylkesordførarane Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Pål Kårbø i Hordaland underteikna 17. januar 2017 intensjonsplanen for samanslåing av dei to fylka. (Foto: Ingvild Ramstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Følling og Kårbø møter i departementet

Fylkesordførarane i Sogn og Fjordane og Hordaland møter fredag 17. mars i Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å følgje opp intensjonsavtalen om samanslåing av fylka.

Det er særleg fylkesmannsstrukturen som står på agendaen når fylkesordførarane Jenny Følling i Sogn og Fjordane og Pål Kårbø i Hordaland møter statsråden eller statssekretæren.

Regjeringa har vedteke den nye organiseringa av Fylkesmannen og har slått fast delt lokalisering i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det er derimot ikkje sagt noko om kvar leiinga for embetet skal liggje. Nettopp det at Fylkesmannen skal leiast frå Sogn og Fjordane, er eit viktig premiss i intensjonsavtalen om samanslåing.

– Vi er svært overraska over at regjeringa ikkje har avklart kvar hovudsetet for Fylkesmannen i den nye regionen skal liggje når fylka sjølve er samde om det. Dette er ein viktig føresetnad i intensjonsplanen, og difor vil vi gjerne drøfte det med departementet, seier Følling.

For meir informasjon

Jenny Følling  
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713