Foto av ein kvit og blå hydrogenbil sett frammanfrå. Foto: Trond Strømgren, Maritim Forening Sogn og Fjordane

Foto: Trond Strømgren, Maritim Forening Sogn og Fjordane

Følg Hydrogenkonferansen 2016

Hydrogenkonferansen i Florø 19.-20 oktober tar for seg eit svært viktig satsingsområde innan fornybar energi, og du kan følge den direkte.

Hydrogen er i vinden, og fleire meiner at ein bør satse på nettopp det som den viktigaste fornybare ressursen i overgangen frå fossilt drivstoff. Konferansen i Florø samlar sentrale nasjonale og internasjonale premissleverandørar innan forsking og utvikling, utstyrsleveransar, systemdesign og innkjøp og til to spennande dagar. Her vert det høve for faglege innspel,  informasjon om prosjekt, dialog og nettverksbygging. 

Samlinga vert opna av fylkesordførar Jenny Følling og du kan følge det som skjer sjølv om du ikkje er i Florø.

Sjå hydrogenkonferansen direkteoverført 19. og 20. oktober

Trykk på "Konferanser" og "Direkte sending". Konferansen opnast kl. 12 på onsdag.

Program for hydrogenkonferansen 2016

Del dette:

Relaterte lenker