Dagsturhytta Fløgjen i Flora kommune

Dagsturhytta Fløgjen i Flora kommune (Foto: Flora kommune)

Flora: Fløgjen

Dagsturhytta i Flora ligg vest for toppen Fløgen/Fløgjen. Turen er familevennleg. Hytta har utsikt til Norddalsfjorden, autsover mot Eikefjord  og vestover mot Florø og øyane i vest og sør.

Hytta er midlertidig låst.

Tilkomst og parkering

Turen opp til dagsturhytta startar frå parkeringspalssen ved Grov Fv 614 mot Svelgen. Ved første avkjørsel  på høgre side etter trafostasjonen kan du parkere. Dersom ein kjem med buss kan ein gå av på same plass.

Stien til hytta

Følg skogsvegen, og rett før du er til vegs ende tek du av til venstre. Stien er ikkje merka oppover i skogen, men den er tydeleg i terrenget.  Dette er stien som fortset til Hatlesetnipa. Det er eit par mindre myrlende områder langs stien i skogen. Når du kjem over skoggrensa vert stien brattare eit stykke før det flatar noko ut og du til venstre ser varden på Fløgen.

Avstandar

Turen opp til dagsturhytta tek om lag ein time.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut