Kart over Sør-Noreg med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane markert
Kart over Sør-Noreg med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane markert

Fleirtal for Vestlandsregionen

Fylkesutvalet handsama saka om regionreforma 5. desember. Sju av ni representantar er positive til å etablere ein sterk og attraktiv folkevald vestlandsregion. Fylkestinget avgjer saka 6. desember.

Representantane frå Arbeidarpartiet, KrF, FrP, Høgre og Venstre stilte seg bak det positive vedtaket til ein vestlandsregion med Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Senterpartiet på si side fremja eit framlegg der ein seier at så lenge framtidige oppgåver for det regionale folkevalde nivået ikkje er avklart, så skal Sogn og Fjordane halde fram som eige fylke. Dette framlegget fekk to røyster og fall.

Fleirtalsvedtak

Punkt 1 i vedtaket frå fylkesutvalet er vedteke med sju mot to røyster, medan punkt 2–5 vart vedtekne med åtte mot ei røyst, då fylkesordførar Jenny Følling (Sp) slutta seg til fleirtalet på dei punkta.  

Fleirtalsvedtaket frå fylkesutvalet ser slik ut:

  1. Fylkestinget i Sogn og Fjordane er positiv til at det vert etablert ein sterk og attraktiv folkevald Vestlandsregion med høg kvalitet i tenestene til innbyggjarane og ei framtidsretta samfunnsutvikling.
     
  2. Fylkestinget legg til grunn at eit fleirtal i Stortinget i handsaming av St.mld. nr 22 tidlegare i år har sagt at det folkevalde regionale nivået skal reduserast vesentleg. Fylkestinget vil at Sogn og Fjordane vert ein del av ein større region, og syner i denne samanheng til intensjonsplanen av 15.09.2016 og den gjennomførte høyrings-prosessen. Fylkestinget syner særleg til dei innkomne uttalane frå kommunane.

    Fylkestinget vil , med grunnlag i inndelingslova, søkje statleg styresmakt om samanslåing med grunnlag i intensjonsplanen. Det er ein føresetnad at Hordaland og Rogaland fylkeskommunar søkjer tilsvarande.

    Fylkestinget vil nemne opp sine representantar til fellesnemnda jf. Inndelingslova §26. Fylkestinget vil då også ta stilling til kva mandat og avgjerdsmynde fellesnemnda bør få.
     
  3. Fylkestinget understrekar at det er heilt uakseptabelt å dele noverande Sogn og Fjordane mellom ulike regionar.
     
  4. Fylkestinget legg intensjonsplanen av 15.09.16 til grunn for ein ny vestlandsregion, med følgjande presiseringar:

    a) Det er ein viktig føresetnad at  krava om oppgåver som er fremja i kapittel 10 i Intensjonsplanen vert følgt opp frå sentrale styresmakter både når det gjeld eksisterande og nye oppgåver.

    b) Den framtidige administrasjons - og tenestestrukturen må byggje på desentralisering, makt - spreiing og prinsippet om å ta heile regionen i bruk. Tilsette må gjennom ein brukarnær og desentralisert struktur kunne utføre sine oppgåver innanfor alle sentrale fagområde og sektorar, sjølv om dei ikkje arbeider der den administrative leiinga har hovudsete. Ved framtidig rekruttering må dette prinsippet stå sentralt.

    c) Fylkestinget i Sogn og Fjordane føreset at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Fylkestinget i Sogn og Fjordane føreset at Vestlandsregionen gjer vedtak om at staten bruker nynorsk til regionen.

    d) Dersom dei nye folkevalde regionane (nasjonalt) får svært ulike innbyggjartal, må Stortinget kunne fråvike generalistprinsippet for oppgåvedeling mellom staten og regionane.

    e) Ekspertutvalet som i 2017 skal opprettast i samband med regionreforma, må leggje til rette for at Stortinget kan overføre viktige samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå. Både rolla som samfunnsutviklar og rolla som leverandør av offentlege tenester og velferdsytingar må styrkast. Fylkeskommunane må vere godt representerte i nemnde utval.


    f) Fylkesmannsembetet på Vestlandet må få ei organisering og ei regional inndeling som samsvarer med det folkevalde regionale nivået sin geografiske struktur. Fylkesmannsembetet må få ei desentralisert forvaltning lokalisert i dagens fylke, med leiing frå Sogn og Fjordane.

    g) Vi syner elles særleg til  premissane i intensjonsavtalen sitt kapittel 10, som også er omtala tidlegare i dette vedtaket.
     
  5. Dersom dei andre fylkeskommunane gjennom vedtak på fylkestinga i desember 2016, ikkje går inn for etablering av ein Vestlandsregion, går fylkestinget inn for at det oppnemnde forhandlingsutvalet for regionreforma får fullmakt til å starte og gjennomføre ny dialog og forhandlingar om  alternativ ny regionløysing: Samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland, der det også vert opna opp for å invitere Møre og Romsdal inn i forhandlingar om ei slik løysing.

    Slike eventuelle forhandlingar føreset at Møre og Romsdal, innan utgangen av 2016, stadfestar at dei vil vere med å forhandle om ein intensjonsplan med ein struktur og eit detaljeringsnivå tilsvarande planen av 15.09.16. Møre og Romsdal må òg akseptere ei framdrift som gjev grunnlag for nye fylkestingsvedtak innan utgangen av januar 2017. Dette føreset at også Hordaland aksepterer ein slik invitasjon.


    I dette tilfelle gjeld pkt. 2, 2. og 3. avsnitt, og pkt. 4 tilsvarande, men då tilpassa dei fylkeskommunar som vert med på ei slik subsidiær løysing.

    Fylkestinget vil nemne opp sine representantar til fellesnemnda jf. inndelingslova §26. Fylkestinget vil då også ta stilling til kva mandat og avgjerdsmynde fellesnemnda bør få.

Les meir om regionreforma her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713