Fjord1 trekkjer søknaden om turistrute i Sognefjorden

Administrerande direktør Leif Øverland i Fjord1 har informert fylkeskommunen om at Fjord1 trekkjer søknaden om løyve til å drive kommersiell turistrute mellom Bergen og Flåm.

Fylkesutvalet gav tidlegare i år Fjord1 løyve til å drive turistrute i Sognefjorden. Samferdsledepartementet oppheva dette tildelingsvedtaket i slutten av oktober etter klage frå Norled.

Det er Norled som driftar det fylkeskommunale rutetilbodet mellom Bergen og Flåm i dag.

Les òg

Samferdsledepartementet opphevar vedtak om løyve for turistrute

Norled klagar på turisttrafikkløyvet til Fjord1

Fleirtalet i fylkesutvalet gav Fjord1 løyve for turistruter

For meir informasjon

Tore Eriksen
fylkesrådmann
tlf. 415 30 932
e-post: tore.eriksen@sfj.no

 

Del dette:

Relaterte lenker