Fjord1 frikjent i ESA

Det europeiske kontrollorganet ESA slår fast at Fjord1 ikkje nytta statleg/offentleg støtte for å vinne fram i ein anbodskonkurranse i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det var Tide Sjø AS som i 2007 klaga Fjord1 inn for ESA.

Saka har gått føre seg heilt sidan 2007, og etter omfattande saksgang, har ESA (EFTA Surveillance Authority) no konkludert. Kontrollorganet meiner det ikkje finst bevis for at Fjord1 MRF gjorde noko gale i anbodsrunden som gjaldt fire ferjeruter i dei to fylka.

Fylkesrådmann Jan Øhlckers er godt nøgd med avgjersla.

Udokumenterte påstandar

– Eg er glad på vegne av Sogn og Fjordane fylkeskommune, men òg Møre og Romsdal fylke som også vart klaga inn. Avgjersla var ikkje overraskande – Tide Sjø hadde udokumenterte påstandar og – som ESA no har slått fast – ingenting å fare med, seier fylkesrådmannen.

Klaga Tide Sjø AS sende til ESA gjaldt anbodet på fire ferjeruter (Romsdalspakken), og Tide meinte at Fjord1 vann anbodsrunden med eit unormalt lågt anbod. Dei meinte dette berre kunne forklarast med at Fjord1 hadde nytta seg av statleg/offentleg støtte, ved at eigarane, blant anna Sogn og Fjordane fylkeskommune, hadde overført pengar og bidrege med frisk kapital.

ESA har ikkje funne bevis for dette, og meiner det låge anbodet frå Fjord1 kan forklarast på anna vis, mellom anna ein stor eksisterande flåte, som førte til lågare kostnader.

Mykje arbeid og store kostnader

Fylkesrådmann Øhlckers er glad for avklaringa og konklusjonen, men meiner sakshandsaminga har teke for lang tid.

– ESA har brukt altfor lang tid – kontrakttida for dei aktuelle rutene er snart over. Saka syner også kor tøffe verkemiddel som vert nytta i konkurransen i bransjen. Tide har påført oss mykje arbeid og store prosesskostnader. Utan grunn og som vi ikkje får refundert, slår han fast.

ESA (EFTA Surveillance Authority) er eit kontrollorgan for handel innan EØS, som gjer det mogleg for land som Noreg, Island og Liechtenstein å delta i den indre marknaden i Europa utan å vere medlem av EU.

Pressemelding frå ESA.

Del dette:

Relaterte lenker