Fjord Noreg best på marknadsføring i Europa

Fjord Noreg vann prisen for beste kampanje i sosiale medier, i tillegg til heiderleg omtale for Europas beste PR kampanje.

Fjord Noreg vann pris for fotokonkurranse på bilete-delingstenesta instagram, der alle brukarane lasta opp bilete og merka dei med gitt hashtag (#). Fleire tusen bileter vart delte, og vinnarbiletet var frå indre Nordfjord. Dette biletet, og tre andre vart synte fram på Times Square i New York.

Prisen vart gitt av HSMAI Europe Awards i London.

For meir informasjon om kampanjen sjå kortfilm.
Vinnarbileta kan du sjå her.

Årets Reiselivsmarknadsførar i Noreg i 2013

Tidlegare i år vart Fjord Noreg kåra til beste reiselivsmarknadsførar for 2013 og fekk Ferdaprisen under HSMAI Norges prisfest. Her vart det også gull for beste sosiale mediakampanje og god omtale for kundedialog og andre kampanjar.

Fjord Noreg er ansvarlege for den internasjonale marknadsføringa av dei fire fjordfylka Hordaland, Rogaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Fjord Noreg får ei årleg løyving på fire millionar kroner frå fylkeskommunen for å marknadsføre Sogn og Fjordane internasjonalt.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut