Utsikta frå dagstyrhytte tomta i Fjaler kommune

Dagsturhytte-tomta i Fjaler (Foto: Fjaler kommune)

Fjaler: Vidsyn

Dagsturhytta i Fjaler skal kome på plass våren 2019, og skal ligge ved Bygdeheia. Bygdeheia ligg i Ytre Fjaler og har god utsikt i alle retningar og utover havet mot Alden. Hytta har difor fått namnet Vidsyn. 

Tilkomst og parkering

Starten ligg om lag 40 minutt køyretur frå kommunesenteret Dale i Sunnfjord. Starten ved Furset ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule. Ein kan ta av ved skilt ved fylkesveg 65 og køyre 750 meter langs skogsveg der det er parkeringsplass. Ein kan også starte frå Skor ved Folkestad. Det er best parkering på Furset-sida.

Stien til hytta

Det er ca like langt å gå frå begge sider. Stien frå Furset har nokon blaute parti som skal ordnas i 2019. Stien frå Furset startar på skogsveg, før ein går brått til høgre. Derifrå går ein slakt oppover før ein går opp ei lita kneik til høgre. Deretter slakt oppover til Bygdeheia. Bonus etter få høgdemeter er fantastisk utsikt ut i havet mot Alden.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 280 meter. Det er om lag 2 km sti frå begge sider og ein går opp på mellom 30-60 minutt avhengig av form.

Praktisk informasjon

Kontaktperson i kommunen: Ingeborg O. Tysnes, Kultursjef i Fjaler kommune, ​988 65 054

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut