Nærbilete av eit fagbrev.
Nærbilete av eit fagbrev.

Illustrasjonsfoto: Ole Johnny Devik

Ferske fagarbeidarar i Sogn og Fjordane kjem seg inn i arbeidslivet

Sogn og Fjordane er fylket i landet med færrast nyutdanna fagarbeidarar utanfor arbeidslivet.

Berre 5,2 prosent av dei som tok fagbrev i Sogn og Fjordane i 2018, er utanfor både arbeid og utdanning. 74,4 prosent er i arbeid og 20,4 prosent i utdanning. Det syner nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

Viktig samfunnsoppgåve

Fleire søkjer læreplass, og fleire får læreplass i Sogn og Fjordane. Det bidreg til at fleire ungdomar fullfører fagbrevet sitt og kjem seg ut i arbeid.

– Vi har mange flotte lærebedrifter her i fylket. Dei gir både ungdomar og vaksne ein sjanse til å fullføre fagutdanning og gjer med det ei viktig samfunnsoppgåve. Alle som arbeider i ei lærebedrift kan vere stolte av arbeidsplassen sin, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

Tilfører fersk kompetanse

For at den gode utviklinga skal halde fram, er det avgjerande med godt samarbeid i alle ledd, og at bedrifter tek imot lærlingar kvart år. Bedriftene kan gje mange gode og spennande både oppgåver og utfordringar til lærlingane – som igjen gjer dei til kompetente og sjølvstendige arbeidstakarar i framtida.

– Lærlingar er dyktige og tilfører fersk kompetanse til bedriftene når dei kjem rett frå skulen med ny og oppdatert kunnskap i faget. I tillegg bidreg lærlingar til vidareføring av fag og faglege tradisjonar. Vi oppmodar endå fleire bedrifter her i fylket til å opne for lærlingar, både for å hjelpe unge ut i arbeidslivet og for å sikre faget sitt arbeidskraft i framtida, seier Skaasheim.

Søk godkjenning og lærlingmerket

Bedrifter som ønskjer å søkje om godkjenning til å bli lærebedrift, kan lese meir om det her.

Godkjende lærebedrifter kan bestille lærlingmerket, som synleggjer at bedrifta tek samfunnsansvar og tenkjer langsiktig.

For meir informasjon

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00