Foto av ein eldre mann og ei eldre kvinne som sit på ein benk ved eit bord i ein veldig grøn park. Det er sol, og vi ser ei elv renne roleg forbi.
Foto av ein eldre mann og ei eldre kvinne som sit på ein benk ved eit bord i ein veldig grøn park. Det er sol, og vi ser ei elv renne roleg forbi.

Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fagdag om musikk i eldreomsorga

Nettverket Miljøbehandling i eldreomsorga inviterer til fagdag på Skei i Jølster 27. september. Musikk er hovudtema, og deltakarane kan velje mellom to ulike seminar.

Det eine seminaret er eit oppstartsseminar for ABC Musikkbasert miljøbehandling. Det er for tilsette eller avdelingar om ønskjer å starte med dette konseptet.

Det andre seminaret er kalla «Den gode samtalen» – rettleiing for igangsetjing av musikkbasert miljøbehandling. Kommunikasjon – med både pasientar, pårørande og kollegaer – er ein viktig del av kvardagen i eldreomsorga. Dette seminaret handlar om å forstå samtalen og betre han.

Meld deg på seminaret "Den gode samtalen" her

Open for alle

Målgruppa for fagdagen er tilsette i pleie- og omsorgssektoren, men han er også open for andre som er interesserte i temaet. Det kan vere lag og organisasjonar, pårørande og personar som jobbar med kultur, helse, folkehelse og ved frivilligsentralar.

Meir detaljert informasjon om fagdagen her.

For påmelding og spørsmål, ta kontakt med Marta Strandos i Førde kommune på e-post marta.strandos@forde.kommune.no eller telefon 415 26 416.

Om nettverket

Nettverket miljøbehandling i eldreomsorga er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, Utviklingsseneret for sjukeheimar i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Målet er å stimulere til gode kvardagar for eldre både heime og på institusjon. Nettverket har som mål at omsorgstenesta arbeider heilskapleg og tverrfagleg for å leggje til rette for best mogleg innhald i kvardagen til dei eldre.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00