Foto frå den store plassen framfor Stryn vidaregåande skule. Det sit elevar ved borda på plassen, og biletet er teke frå lufta
Foto frå den store plassen framfor Stryn vidaregåande skule. Det sit elevar ved borda på plassen, og biletet er teke frå lufta

Stryn er ein av kommunane i fylket som tilbyr grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom skuleåret 2017-18.

Fagdag om grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom

Fylkeskommunen inviterer tilsette i kommunane og ved dei vidaregåande skule til fagdag og evaluering av opplæringstilbodet grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom (GMU) 7. desember.

Formålet med samlinga er å

  • evaluere eksisterande og nyoppretta GMU-tilbod
  • utveksle erfaringar
  • diskutere vegen vidare

Fagdagen vert på Thon Hotel Jølster og startar kl. 10.00.

Samlinga er todelt, med ein fellesbolk fram til lunsj og eigne møte for høvesvis skuleeigarar og pedagogar etter lunsj.

Du kan sjå fullstendig program for samlinga og melde deg på her.

Grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom er eit tilbod for ungdom mellom 16 og 24 år, som har behov for meir grunnskuleopplæring før ordinær vidaregåande opplæring. Tilbodet har erstatta det som tidlegare vart kalla innføringsklasse for ungdom på vidaregåande skule.

Meir om opplæringstilbodet grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom her.

For meir informasjon

Yrla Klein
Sogn og Fjordane fylkeskommune
yrla.klein@sfj.no 
403 49 549

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00