kzldb 2rh 57
kzldb 2rh 57

Foto: Ida Falkgjerdet Svåi/Focus UB

Fagbrevutdeling 5. april 2019

Fredag 5. april blir ein høgtidsdag for mange. Då er det utdeling av fag-, sveine-, kompetanse- og meisterbrev i Førdehuset.

Fag-, sveine-, kompetanse- og meisterbrev er ei stadfesting på at ein har nådd ein viktig milepåle i livet, og det opnar nye og spennande vegar innan både yrkesliv og vidare utdanning.

– Alle som arbeider med opplæring i bedrift veit at det er lagt ned ein solid innsats for å ha oppnådd dette. Eg håpar kompetansen ungdomar og vaksne har skaffa seg, vil vere til glede og nytte for dei sjølve, og at det er ein kompetanse som arbeidslivet vil verdsetje, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.

70 ulike fag

Det vert helsingar frå både fylkesdirektøren, NHO og LO under utdelinga. Fylkesordførar Jenny Følling deltek og skal dele ut fagbreva saman med leiaren for fagopplæringsnemnda, Tom Knudsen. Det blir også underhaldning ved Dans utan grenser.

740 fagarbeidarar er inviterte til utdelinga i Førdehuset 5. april kl. 18.00. Av desse er 505 lærlingar, 212 praksiskandidatar, 3 elevar i skule og 20 lærekandidatar. Det er 239 kvinner og 501 menn som har teke fag- eller sveineprøve siste året. Til saman representerer dei 70 ulike fag. Av dei som gjekk opp til fagprøve i 2018, fekk 25 prosent vurderinga BM – «bestått mykje godt».

For meir informasjon

Sissel Brusegård
teamleiar, opplæring i bedrift
sissel.brusegard@sfj.no
405 24 464

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00