Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Det var oppstartsmøte for det nye fylkeskommunale hydrogennettverket på Gardermoen 8. juni. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Får midlar til nasjonal satsing på hydrogen

Fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Akershus har saman med Norsk Hydrogenforum teke initiativ til eit fylkeskommunalt hydrogennettverk og får no 100 000 kr frå Miljødirektoratet til å starte arbeidet.

Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet står bak søknaden om midlar, men nettverket skal vere for alle fylkeskommunane i landet. Torsdag 8. juni var deltakarane samla på Gardermoen til oppstartsmøte. Der møtte representantar frå åtte fylkeskommunar, og fem fleire har meldt si interesse for å delta vidare.

Styrke samarbeid og bygge kompetanse

Prosjektleiar Elisabet Kjerstad Bøe i Hydrogen Region Sogn og Fjordane tok initiativ til nettverket og er svært glad for både pengar og oppslutnad frå dei andre fylkeskommunane.  

– Målet med nettverket er å styrke samarbeidet, til dømes om innkjøp av kollektivtenester og etablering av infrastruktur, samt å bygge kompetanse i fylkeskommunane som deltek i nettverket. Vi ønskjer å koordinere offentlege regionale aktørar som kan bidra til utvikling av hydrogenbaserte verdikjeder, seier Bøe.

Etterspurnaden etter hydrogen som energiberar vil truleg auke i åra framover, sidan det kan redusere behovet for fossil energi, til dømes innanfor transport og industri. Hydrogen kan spele ei sentral rolle i dei lokale verdikjedene, men òg som ei etterspurt eksportvare i åra som kjem.

Les meir om Hydrogen Region Sogn og Fjordane.

For meir informasjon

Elisabet Kjerstad Bøe
Prosjektleiar Hydrogen Region Sogn og Fjordane
915 91 548
elisabet.kjerstad.boe@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00