Bilete frå Firda vgs. Tre personar i forgrunnen: Tim Smithies og Ralph Lister frå EU-prosjektet Rural touring, og Øyvind Sunde Høstaker frå Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.
Bilete frå Firda vgs. Tre personar i forgrunnen: Tim Smithies og Ralph Lister frå EU-prosjektet Rural touring, og Øyvind Sunde Høstaker frå Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.

Frå venstre: Tim Smithies, Øyvind Sunde Høstaker og Ralph Lister på besøk på Firda vgs. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Engelskmenn let seg imponere av Den kulturelle skulesekken

Korleis turnere med kunst og kultur på bygda? Dette er temaet for EU-prosjektet Rural Touring, med aktørar frå seks land. Denne veka var representantar frå prosjektet i Sogn og Fjordane.

Tim Smithies er leiar for turneorganisasjonen Carn to Cove i England. Ralph Lister er leiar for turneorganisasjonen Take Art, og leier også EU-prosjektet Rural Touring.

Denne veka var dei to engelskmennene i Sogn og Fjordane for å la seg inspirere av Den kulturelle skulesekken si profesjonelle turnéverksemd i fylket. I tillegg til å møte skular, utøvarar, lærarar, kulturkontaktar og leiarar, har dei fått med seg tre framsyningar: Tankelaboratoriet i Hornindal, Sunniva no på Firda vgs og Luison og Cuba i Holmedal.

Eineståande

– Dette har vore ein fantastisk og lærerikt besøk. De har mange likskapar og utfordringar med å turnere kultur som vi har i det sørlege England, seier Tim Smithies.

Engelskmannen let seg imponere av korleis Den kulturelle skulesekken (DKS) får til å turnere flotte kulturproduksjonar ut til kvar minste skule, og meiner dette tilbodet er eineståande.

– Dette har vi ikkje i England. All kultur skjer på kveldstid og det er dei som kan og som ynskje å løyse billett som får oppleve dei ulike tilboda, seier Smithies.

Utvekslar erfaring

Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane representerer Noreg i EU-prosjektet, som er eit samarbeid mellom aktørar frå seks land. Prosjektet har søkt midlar frå EU, og søknaden er no under handsaming.

– Denne får vi svar på til sommaren, men om det skulle bli nei på den har vi faktiske allereie oppnådd noko av det viktigaste: å utveksle erfaring og kultur, seier Ralph Lister.

I løpet av det neste året år skal både DKS i Sogn og Fjordane og turneorganisasjonen Lister leiar turnere ei danse- og akrobatikkframsyning som dei såg saman på ein festival i Spania førre sommar. I tillegg har dei som mål å få danseførestillinga Sunniva no ut på turné i Europa.

– Denne turen har vore svært lærerik for oss, og vi reiser inspirerte tilbake, seier Lister.

Demokratisk prosjekt

Øyvind Sunde Høstaker er fagkoordinator for DKS i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og var med Lister og Smithies på besøket deira i fylket.

– Den kulturelle skulesekken er ei unik ordning i verda. Det er ingen som har eit så godt utbygd turneapparat som vi har, som syner fram profesjonelle produksjonar på skulane kvart år. Dei vil koma og sjå korleis vi gjer dette, seier Høstaker.

– DKS er eit demokratisk prosjekt der alle får, uavhengig av økonomien til skulen eller kommunen. Vi får inn tippemidlar, og så fordeler vi likt til alle.

Meir informasjon
Øyvind Sunde Høstaker
fagkoordinator, Den kulturelle skulesekken
Oyvind.Hostaker@sfj.no
​Tlf.: 952 22 168

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00