Gutar ved Sogndal vgs
Gutar ved Sogndal vgs

Desse var best i Sogn og Fjordane! Frå venstre: Arne Bjelde Hustveit, Ådne Opheim, Andreas Barnes, Sebastian Heggheim Hestenes. Foto: Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane

Energi for framtida

Unge innovatørar skal løyse verdas klimautfordringar. Mandag dreg elever frå Sogndal og Sandane til teknologibyen Trondheim for å delta i nasjonal klimakonkurranse i regi av Ungt Entreprenørskap.

Denne hausten har 216 elevar frå vidaregåande skular i Sogn og Fjordane bytta ut skulebøker og tradisjonell klasseromsundervisning med reelle klimaoppdrag frå Enova. På lokale innovasjonscamper har elevane konkurrert om å finne nyskapande løysingar på verdas klimautfordringar. Elevane frå Sogndal videregående skule kom opp med den beste løysinga i fylket, og 8.–10. februar konkurrerar dei mot finalistar frå heile landet. Til Trondheim dreg dei saman med laget frå Firda vidaregåande skule som kom på 2. plass i fylkeskonkurransen.

Lærer ved å gjere

– Det skjer ei rivande utvikling på klimaområdet. Ny teknologi og auka kunnskap om klimautfordringar i verda gjer at lærebøkene er utdaterte før dei kjem frå trykkeriet. Når elevane jobbar med dagsaktuelle case, må dei innhente informasjon og oppdatere seg på det siste. Her får dei også trena sine kreative musklar, dei samarbeider i team og får rettleiing av fagpersonar som er ekspertar på området, sier Holger Aasen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane. 

Ungt Entreprenørskap er ein ideell organisasjon som tilbyr program og arenaer der elevar og studentar får erfaring med entreprenørskap og innovative prosessar. I 2015 gjennomførte Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane meir enn 10 000 elev- og studentaktiviteter. Over 150 personar fra arbeids- og næringsliv bidrog med sin kompetanse. 

Hemmeleg

Oppdraget elevane skal jobbe med er strengt hemmeleg inntil det vert offentleggjort på NTNU tirsdag kl. 11:50. Elevane får eit døgn på seg til å jobbe fram løysningsforslag og forretningsplan, som skal presenterast for eit dommerpanel som består av energi- og klimaekspertar. Dei seks gruppene som går vidare til den avsluttande finalen presenterer løysningane sine for publikum og juryen i auditoriet på Charlottenlund videregåande skule onsdag kl. 12. Vinnaren av Energi for framtiden vert kåra kl. 13.

Grønt entreprenørskap og innovasjon

Det er åttande året på rad Enova og Ungt Entreprenørskap utfordrar ungdom og arrangerer «Energi for framtiden» for elevar i vidaregåande opplæring.

– Vegen til lågutsleppssamfunnet krev livskraftig endring. I framtida må verdiskapinga skje med minimale klimagassutslepp. Då er det avgjerande å utvikle konkurransedyktige energi- og klimaløysingar. Difor ynskjer Enova å inspirere og engasjere dei som skal utgjere framtida i Norge, slik at dei får interesse for grønt entreprenørskap og innovasjon, seier Nils Kristian Nakstad, administrerende direktør, Enova SF. Enova er et statseigd føretak som skal drive fram ei miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon, samt bidra til utvikling av energi- og klimateknologi. 

Kontaktperson:

Eivind Husabø
Vgs ansvarlig, Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane
eivind.husabo@ue.no
415 30 660

Espen Sletvold
kommunikasjonsrådgiver, Enova SF
espen.sletvold@enova.no
971 28 188

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00