Elevar på næringsreise til Høyanger sørside

Kva endringar har skjedd i jordbruket dei siste 50–60 åra, og korleis ser ein topp moderne fjøs ut? Kva meiner ein med «blå næringar», og kva er siste utviklinga innan fiskeoppdrettsnæringa? Desse spørsmåla tok elevar ved studieførebuande ved Høyanger vidaregåande skule med seg til sørsida.

Tekst og bilete av lærar Kristin og rektor Toril ved Høyanger vidaregåande skule.

I faget geografi er ekskursjon og feltarbeid ein del av læreplanen. På sørsida er det mange som arbeider med matproduksjon, og vi fekk besøke Osland havbruk, Sogn Aqua og den moderne fjøsen til Elfrid Førde.

Vi reiste med buss frå Høyanger via Lavik, og første stopp var anlegget til Osland havbruk på Sørevikane. Her fekk vi vere med ut i båt for å sjå på anlegget. Geir Helge Østerbø, Johnny Kalstad, Torgeir Kvikne og Margret Bjørnsen Søreide tok veldig godt i mot oss. Vi fekk svar på spørsmåla våre om oppdrettsnæringa, og på toppen av det heile fekk vi servert den lokale lakseburgeren.

Vi fekk servert lunsjen på Osland Brygge, og her dukka også Jan Arne Brekke frå Sogn Aqua opp for å fortelje om kveiteoppdrett. Vi besøkte seinare anlegget hans i Slantevika. Dette anlegget liknar ikkje noko av det vi har sett før. Tankane ligg på land, og dei er nesten usynlege frå fjorden. Her har ein brukt stein og nedbrytbart materiale bevisst for at fisken skal ha best moglege kår, og for at anlegget skal vere mest mogeleg miljøvennleg.

Til slutt kom Elfrid Førde, som er mjølkebonde og veterinær, og fortalde om gardsdrifta på garden sin på Førde. Ho har investert mykje i modernisering av driftsbygningar og har i dag over 30 frittgåande kyr, som både et og mjølkar sjølve. Fjøsen har moderne datautstyr og skal vere rusta for framtidig mjølkeproduksjon. Kyrne på denne garden forsyner over 2000 menneske med det dei drikk av mjølk på eitt år.

Vi avslutta reisa på Sørsida med eit besøk i stavkyrkja i Ortnevik. Sjølv om vi ikkje hadde meldt at vi skulle komme, vart vi svært godt tekne imot av Kristi og Anders Brekke. Vi fekk sjå kyrkja innvendig også og vart rett og slett imponerte.

Konklusjonen er at Høyanger sørside har svært mykje å by på. Spennande næringar i utvikling, kultur og natur – og ikkje minst svært gjestfrie sørsidingar!

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00