Heim/Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Elev-PC 2020/2021

06.07.2020 opnar Vestland fylkeskommune for bestilling av elev-pc.

Alle elevar som skal starte på vidaregåande opplæring i Vestland fylke må ha eigen PC. Elevane kan velje å bruke eigen PC eller kjøpe ny PC. For dei som ønskjer å kjøpe ny PC, har Vestland fylke etablert ei innkjøpsordning der nye elevar på VG1 kan kjøpe subsidiert PC.

På heimesida til Vestland fylkeskommune vil ein finne meir informasjon om val av PCar, tilgjengelege modellar, kjøpsvilkår og lenke til bestillingsportalen.

Lenke til den fylkeskommunale nettsida om Elev-PC for skuleåret 2020/2021

Måløy vgs tilrår for studieretningane TIP, BA og IT å kjøpe Dell Latitude 3510 eller tilsvarande PC med Windows 10, p.g.a. krav til prosessor og minne ved bruk av teknisk programvare og diverse simuleringsprogram som skal brukast i undervisinga.

Vi gjer og merksame på at mesteparten av dei tekniske programma ikkje kan brukast med OSX operativsystem. (sjå lenka til den fylkeskommunale sida.)

Maskinene vert i år levert av Komplett.no og elevane kan velgje mellom tre modellar (to Windows-maskiner, og ein Mac).