Elev- og lærlingombodet kan bli elev-, lærling- og mobbeombod

Fylkesutvalet ønskjer at mobbesaker skal vere ei av oppgåvene til elev- og lærlingombodet. Fylkestinget avgjer saka endeleg under tingseta 11. og 12. juni.

Fylkesutvalet vil at elev- og lærlingombodet skal arbeide aktivt for å førebyggje mobbing og tilby kompetanse og hjelp i mobbesaker. Utvalet ser det som naturleg at slike arbeidsoppgåver vert lagde til ombodet. Fylkesutvalet ønskjer at ombodet får kompetanse som samsvarer med det nye føremålet, innanfor dagens ressursrammer.

Fleirtalet i fylkesutvalet rår også fylkestinget til å endre stillingstittelen frå elev- og lærlingombod til elev-, lærling- og mobbeombod. Utvalet presiserte likevel at dei fram mot møtet i fylkestinget vil prøve å klekke ut eit nytt, betre og gjerne kortare namn på ombodet.

Fylkesrådmannen fekk i fjor haust i oppdrag å evaluere ordninga med elev- og lærlingombod, som vart fast etablert i 2007.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00