Foto frå kaien i Hyen, med deltakarane på eit møte oppstilte med fjell og blå himmel i bakgrunnen. Det er fire menn og to kvinner.
Foto frå kaien i Hyen, med deltakarane på eit møte oppstilte med fjell og blå himmel i bakgrunnen. Det er fire menn og to kvinner.

Delar av prosjektgruppa var tilstades på oppstartsmøtet i Hyen. F.v. Stig Vattekar (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Hans Jakob Walnum (Vestlandsforsking), Torunn Hønsi (Vestlandsforsking), Elisabet Kjerstad Bøe (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Øystein Hunvik (Sogn og Fjordane fylkeskommune), Trond Strømgren (Maritim Forening Sogn og Fjordane). Bjørn Vidar Vangelsten i Nordlandsforsking deltok på Skype.

EKOHYD-prosjektet er i gang

Det var oppstartsmøte for prosjektet EKOHYD i Hyen 29. juni. Målet er å greie ut effektiv implementering av hydrogen og andre lågutsleppsløysingar i hurtigbåttrafikk.

Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein av samarbeidspartane i prosjektet, som skal utførast av Vestlandsforsking. Regionalt Forskingsfond Vest (RFF Vest) løyvde tidlegare i år 472 000 til forprosjektet.   

Oppstartsmøtet fann stad i lokala til Brødrene Aa i Hyen. Verksemda har dei siste åra har satsa mykje på produktutvikling og er i dag verdsleiande på lågutsleppsløysingar for lette og hurtiggåande passasjerbåtar bygd i karbonfiber.

Miljøanalysar for etablerte hurtigbåtruter

Det innovative med forprosjektet EKOHYD er å gjennomføre miljøanalysar for ulike etablerte hurtigbåtruter i Sogn og Fjordane og Nordland. Gjennom dialog og samarbeid med næringa og fylkeskommunale innkjøps- og samferdselsavdelingar, skal ny kunnskap danne grunnlag for komande anbodsprosessar, der miljø og klimakrav kan vektleggast i større grad.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Nordland fylkeskommune, Maritim Forening Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Nordlandsforsking og Vestlandsforsking. Prosjektleiar er Hans Jakob Walnum ved Vestlandsforsking.

Klimagassutsleppa må ned

Noreg har forplikta seg til å redusere klimagassutslepp i ikkje-kvotepliktig sektor med 40 prosent innan 2030 samanlikna med 2005-nivå. Dette inneber at transportsektoren må redusere klimagassutslepp med 50 prosent frå dagens nivå.

For å lukkast med dette må teknologien utviklast i raskt tempo, og barrierar rundt kunnskap om ny teknologi, tryggleik, regelverk, infrastruktur og kostnadar for å ta teknologien i bruk overvinnast.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har sett i gang prosjektet Hydrogen Region Sogn og Fjordane for å etablere fylket som ein sterk region innanfor utvikling av hydrogen som energiberar og kommersialisering av hydrogenteknologi.

For meir informasjon

Elisabet Kjerstad Bøe
Prosjektleiar Hydrogen Region Sogn og Fjordane
915 91 548
elisabet.kjerstad.boe@sfj.no

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00