Gruppebilete av Fylkeskommunalt nettverk for entreprenørskap, som var samla i Stavanger i september 2018.
Gruppebilete av Fylkeskommunalt nettverk for entreprenørskap, som var samla i Stavanger i september 2018.

Foto: Fylkeskommunalt nettverk for entreprenørskap

Eit felles løft for entreprenørskap

Alle fylkeskommunane i Noreg var inviterte då Fylkeskommunalt nettverk for entreprenørskap møttest i Stavanger denne veka. Vertskapet var Skape.no og Rogaland fylkeskommune, som hadde sett opp eit spanande program for nettverket.

Buskerud fylkeskommune tok initiativ til første samling 30. november 2016, og intensjonen var å samle fagfolk frå alle fylkeskommunar som arbeider med entreprenørskap. Fylkeskommunane har felles interesser når det gjeld satsinga på entreprenørskap, men nyttar ulike verktøy og metode for å nå måla sine.

Føremålet til nettverket er å dele kunnskap og erfaringar om arbeidet og komme fram til nokon felles løysingar som eignar seg på tvers av fylkesgrensene.

På agendaen

Samlinga starta med ein runde rundt bordet. Kvar deltakar fortel kort om korleis dei arbeider med entreprenørskap. Frå Business Lillestrøm kom Kristin Uvaag Tufte for å drøfte korleis etablerartenesta kan trekke inn etablert næringsliv og på den måten bidra til næringsutvikling og vekst. Eit besøk hos inkubatoren Validè blei det også tid til same ettermiddag.

Dag nummer to starta med ein grundig diskusjon kring nettverkets eigne ambisjonar. Nettverket har laga ei skisse for kva nettverket skal jobbe med og mot, og denne blei presentert og diskutert i plenum. Deretter fekk vi besøk av Jeanette Sandmo frå Innovasjon Norge, som stilte spørsmålet finnes det ein god nasjonal modell for etablerartenesta? Spørsmålet er relevant for ein tilbakemelding vi stadig får er at virkemiddelapparatet er for komplisert. Nettverket er derfor opptatt av kva vi kan gjere for å forenkle virkemiddelapparatet for brukarane.

Teamet bak Lean Business Planner fekk avslutte dagen med ein presentasjon av sitt digitale verktøy for gründerar.

Ny samling våren 2019

Neste gang er det Møre og Romsdal fylkeskommune som samlar nettverket. Då vil vi mellom anna få høyre meir om deira satsing på hoppid.no og korleis dei jobbar med å digitalisere etablerartenesta i sin region. 

Deltakarar:

Fylkeskommune

Navn

E-postadresse

Akershus

Janne Svegården

Janne.Kristin.Svegarden@afk.no

Aust-Agder

Ivar Bergem Strand

ivar.bergem.strand@austagderfk.no

Buskerud

Anne Lise Lervåg

Anne.Lise.Lervag@bfk.no

Hedmark

Helmik Slora Kristiansen

helmik.slora.kristiansen@hedmark.org

Hordaland

Tonje Marie Solsvik

Tonje.Solsvik@hfk.no

Møre og Romsdal

May Britt Roald

may.britt.roald@mrfylke.no

Nordland

Terje Gustavsen

tergus@nfk.no

Oppland

Dag Arne Henriksen

Dag-arne.henriksen@oppland.org

Rogaland

Suzanne de Kok Selstad

Suzanne.dk.selstad@skape.no

Rogaland

Heidi Skifjell

heidi.skifjell@rogfk.no

Sogn og Fjordane

Ingvild Andersen

ingvild.andersen@sfj.no

Telemark

Sindre Melås

Geir.Morten.Johansen@t-fk.no

Vestfold

Magnar Simensen

magnars@vfk.no

Del dette:

Kontakt

Ingvild Andersen
rådgjevar
ingvild.andersen@sfj.no
57 63 80 39

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00