Ein søkjar fekk innvilga 300 000 kroner i oppreising

Oppreisingsutvalet i Sogn og Fjordane handsama til saman seks søknader i møtet 29. februar. Ein søkjar fekk oppreising på 300 000 kroner gjennom den felleskommunale oppreisingsordninga.

Den eine saka utvalet handsama 29. februar var ei klagesak, og denne vart avvist av utvalet.

Alle kommunane i Sogn og Fjordane er med i oppreisingsordninga. Ordninga er oppretta for personar som vart utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg.

Saker som fell utanfor vilkåra i ordninga

Oppreisingsutvalet avviste å handsame dei fire siste søknadane. Søkjarane stetta ikkje vilkåra i om å ha vore under kommunal omsorg og plasserte utanfor heimen av kommunane.

To av søkjarane søkte om oppreising på grunn av at kommunen ikkje greip inn i omsorgssituasjonen deira under oppveksten. Dei to andre søkjarane vart plasserte på institusjon, men ikkje av nokon av kommunane som er med i ordninga.

– Oppreisingsordninga har fått inn ein del søknader om oppreising for manglande inngripen. Det betyr at søkjarane meiner barnevernet skulle ha gripe inn, men ikkje gjorde det. Det er i desse søknadane sterke skildringar av uhaldbare omsorgssituasjonar. Likevel er det dessverre saker som ligg utanfor det ordninga er meint å dekkje, seier leiar for oppreisingsutvalet Arvid Mellingen.

Oppreisingsutvalet skal ha nytt møte 20. juni.

For meir informasjon

Karen Steingildra
konsulent i oppreisingsordninga
telefon: 57 65 61 45
e-post: karen.kristine.steingildra@sfj.no

Arvid Mellingen
leiar for oppreisingsutvalet
e-post: arvid@advokat-tollefsen.no

Les òg

Oppreisingsutvalet fordelte 1,8 millionar kroner
Ni søkjarar får til saman 4,9 millionar kroner i oppreising
Tek over ansvaret for sekretariatet for oppreisingsordninga
Oppreisingsutvalet fordelte 3,9 millionar kroner
Får 3,4 millionar i oppreising
Oppreisingsordninga – ein dugnad for å rette opp tidlegare urett
Fylkeskommunen og kommunane saman om ny oppreisingsordning

 

Del dette:

Relaterte lenker