Ein kvart million årdøler på tur. Slikt blir det god folkehelse av!

I ei bygd med 5600 innbyggarar høyrest dette utruleg ut. Men forklaringa er enkel.

Opp frå sofaen

Årdal Mosjonskule er i dag Årdals største og viktigaste folkehelseinstitusjon.

Organisert under Årdal Turlag og starta opp med organisert innetrening i vinterhalvåret i 1990. Det er eit lågterskeltilbod mest for vaksne. Skulerte trenarar og eldsjeler leia treningane. Dette var moro og etterkvart kom det krav frå trimmarane om organisert aktivitet også om sommaren. Dermed vart det arrangert ei rekke turar i nærområda og stadig fleire ”sofaslitarar” la ifrå seg fjernkontrollen og kom seg ut, fekk nye vener, vart kjent med nye stiar og stader som låg så ufatteleg nær, men som ein likevel knapt hadde sett. Og mange kjente etter kvart på kroppen at dette gjorde godt.

Nytt trimtilbod

”Posttrimmen” kom så i 1998. Det byrja med sju postar i Øvre Ådal, og allereie året etter vart sju nye postar sett opp på Årdalstangen. Ein ”trimpost” er, enkelt sagt, eit stykke turveg, eller ein sti til ein plass passeleg langt borte. Tidsbruken kan vere frå 30 min til eit par timar kvar veg.

I enden av stien heng ei postkasse med ei ”basarbok” der ein skriv namnet sitt. I enden av sesongen er det loddtrekning med små gevinstar på bøkene når dei er fullteikna.

Og her kjem forklaringa

Dette vart til saman: trening, naturoppleving, sosialt samvær, konkurranse og lotteri. I 1998 var tal underskrifter 7200 og for 2007 er resultatet i skrivande stund 41254 Totalt sidan starten har me passert 251392, altså ein kvart million.Turkulturen veks og på anna vis. Barnas Turlag er etablert og i godt gjenge.

Årdal Gålag er skipa for å laga litt lengre turar på dagtid for spreke pensjonistar. Vi er og heldige i Årdal, med rik natur, elvar, vatn, høge fjell og djupe dalar.

Vi fortsetter oppturen.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette