Eigarane tek sterk avstand frå spekulasjonar og påstandar om Fjord1

Eigarane av Fjord1, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Havilafjord AS, tek sterk avstand frå spekulasjonar og påstandar omkring feil i rekneskapen i selskapet.

Eit samrøystes styre har etter anbefaling frå statsautorisert revisor og revisjonsmelding, godkjent og underskrive rekneskapen for 2013. Etter dette er rekneskapen godkjent i ordinær generalforsamling. Eigarane understrekar at Fjord1 er eit solid og fokusert selskap, som vert drive etter forretningsmessige prinsipp etter norsk standard og regelverk.

Fjord1 opererer i ein konkurranseutsett marknad. Som eigarar er vi stolte over våre dyktige, lojale og kunnskapsrike medarbeidarar og leiarar. Dei arbeidar kvar dag for at selskapet skal yte gode og trygge tenester for passasjerar over heile landet, og dei arbeidar kvar dag med fokus på korleis selskapet skal utvikle seg i åra som kjem.

I ei tid med omstillingar har styret hatt mange store oppgåver. Dette har vore krevjande. Eigarane er samde om å sjå framover med tillit til eit oppegåande og fungerande styre som i desse dagar vil bli supplert med to nye, kompetente og erfarne styremedlemmar.

Styret skal ilag med nytilsett administrerande direktør, og i god dialog med eigarane, stake ut kursen for Fjord1, Norges leiande ferjeselskap.

Åshild Kjelsnes
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Per Sævig
Havilafjord AS

For meir informasjon

Åshild Kjelsnes
fylkesordførar, Sogn og Fjordane
tlf.: 918 88 568

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut