Dagsturhytta Naustdalskamben i Eid kommune

(Foto: Hans Peter Eidseflot)

Eid: Naustdalskamben


Dagsturhytta i Eid kommune ligg på Naustdalskamben, 475 moh. Naustdalskamben ligg om lag midt i mellom Stårheim og Nordfjordeid i Eid kommune.

Tilkomst og parkering

Parkering ved næringsområdet på Reset, ved Haugen skule eller ved Stårheim stadion.

Stien til hytta

Der er fleire ulike stiar som fører til Naustdalskamben, og vi vil her beskrive tre ulike startpunkt:

  • Frå Reset i Hjelmelandsdalen: sjå rutebeskrivelse på UT.no.  Dette er den slakaste og mest familievennlege ruta. I innkøyringa til næringsområdet på Reset frå Fv661 har Eid kommune avtale om parkering for turgåarar, følg skilting. Følg grusvegen innover i næringsområdet, og der vegen sluttar, startar stien. Merking med raude stikker på velbrukt sti første 500m, så på traktorveg fram til ein møter stien frå Grøthaug / Haugen etter 1,5 km. Frå denne opne plassen i skogen er det god sti heile vegen vidare opp til toppen. Stien er velbrukt og lett å finne. På toppen flatar det ut og vert litt myrlendt siste stykket fram til hytta. 3,2 km i alt.
  • Frå Haugen skule: sjå rutebeskrivelse på UT.no. Parkering ved Haugen skule. 2 km på asfalt og 2 km på sti.
  • Frå Torvik på Stårheim: her er det ein nyrydda og merka sti. Parkering ved Stårheim stadion. Startpunkt på ei bru over elva ved kraftverket. Merking med blå stikker heile vegen til topps.

Avstandar

Mellom 45 min og 1,5 time avhengig av utgangspunkt og tempo. Hytta ligg på 475 moh.

Kontakt

Naustdalskamben har eiga Facebook-side.

Anna Karete Bjørlo, Eid kommune. 

Anna.Karete.Bjorlo@eid.kommune.no

Kart 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut