Foto av stablar av myntar som ligg på ein spegel, slik at heile speglbiletet syner òg. Foto: Tax Credits/www.flickr.com
Foto av stablar av myntar som ligg på ein spegel, slik at heile speglbiletet syner òg. Foto: Tax Credits/www.flickr.com

Foto: Tax Credits/www.flickr.com

E-handelsprosjektet i Sogn og Fjordane

I 2015 har det vore positiv utvikling og oppslutnad for prosjektet med innføringa av e-handel i kommunar og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.

Totalt 18 kommunar og fylkeskommunen er med i prosjektet, og 2015 er året der alle aktørar i prosjektet har fått på plass teknisk integrasjon mot e-handel.

Året 2016 vert dermed første året med mogleg omsetnad på e-handelsplattformen hjå samtlege aktørar i prosjektet.

Ehandel er kort fortalt måten vi tingar varer og tenester på. Detl er i praksis vår digitale plattform for samhandling med våre avtaleleverandør gjennom SFFI (Sogn og Fjordane felles innkjøp) eller kvar einskild kommune. E-handel er såleis ikkje eit reiskap til å finne leverandørar med. 

Totalt vart det i 2015 omsett for ca. 240 millionar kroner fordelt ut på 10951 ordrar i fylket. Samanlikna med resten av landet, kjem vi svært godt ut i statistikken. Dette er takka vere ein formidabel innsats ute i kommunane.

Nokon kommunar har hatt rask omstillingsevne. For å illustrere dette har vi hatt fem kommunar på topp 20 på den nasjonale landsstatistikk for dei tre siste månadane i 2015 (Omsetnad  i forhold til fastsett berekningsgrunnlag av DIFI).

Andre kommunar i fylket  har også gått inn og ut av denne lista i løpet av 2015. Igjen viser dette at fylket sine kommunar har riktig fokus i denne innføringsfasen.

E-handel stiller krav til omstilling og samarbeid på tvers av fagområda økonomi, innkjøp og leiing i den einskilde kommune/fylkeskommune. Det er viktig at dette samarbeidet vert vidare utvikla etter at prosjektet er sluttført i mars 2016.

Vi har begynt 2016 bra, og i januar har vi oppnådd vår største månadsomsetning via e-handelsplattformen nokon sinne: Ca. 50 millionar kroner i Sogn og Fjordane.

- Innføringsprosjketet vert ferdigstillt 31.3.2016. Men arbeidet med å drifte og utvikle ehandel som den foretrukne tingingsmåte i Sogn og Fjordane held fram med høgt trykk, uttalar prosjektleiar Frank Have Olesen.

Etter at prosjektet er avslutta vil den overorda drift av ehandel  leggast til det felles innkjøpsorganet SFFI som allereie har arbeidet med administrasjon av rammeavtalar på vegne av deltakarane.

Nokon gevinstar med e-handel kan vere:

  • Lojalitet mot innkjøpsavtaler

  • Rett sortiment og pris til ei kvar tid

  • Faktura i rett format (EHF)

  • Automatisk Fakturamatch

  • Ekffektiv bestilling ved færre bestillarar på ulike avtalar

  • Kjøpet vert godkjent av overordna leiar før bestilling vert sendt

  • Betre og tettare dialog med leverandørar

  • Stimulere lokale leverandørar i fylket til digital samhandling

  • Alle bestillingar går via vårt rekneskapssytem

E-handel som bestillingsplattform er komme for å bli, og i framtida vil det vere enda sterkare og tydlegare krav til digital samhandling mellom leverandørar og innkjøpar i det offentlege.  Dette er eit viktig incentiv for å halde trykket oppe på å innføre bestillingsrutiner via ehandel på fleire avtalar i året  (og åra) som kjem.

For meir informasjon

Frank Have Olesen
prosjektleiar
frank.have.olesen@sfj.no
900 85 509

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut