E-handel for leverandørar

Dette er eit samandrag av innhold på Difi sine nettsider, sjå her for utfyllande informasjon.

Vi har og laga ei presentasjon med informasjon for leverandørar, sjå her.

Kva vi reknar med frå deg som leverandør

Vi vil etter kvart krevje at alle våre leverandørar skal vere tilgjengeleg på ehandel. Vi kjem til først å kontakte dei leverandørane vi har rammeavtalar med. Så kjem vi ganske snart til å byrje å inkludere andre leverandørar som vi brukar og som egnar seg. Vi ønskjer at dei leverandørane som blir aktivert på ehandel også skal sende efaktura.

Viss du som leverandør ikkje har blitt kontakta enda, men ønskjer å bli ein leverandør på ehandelsplattformen til oss allereie no, ta kontakt!

Kva avropsmetodar finst?

Vi vil saman med leverandøren finne den avropsmetoden som passar oss, leverandøren og varesortimentet best. Disse avropsmetodane finst:

  • Fritekstbestilling
    • enklast for leverandøren - du treng berre ein e-post adresse. Ordren vil kome til denne e-postadressa som eit vedlegg.
    • gratis
  • Katalog
    • leverandør lager ein katalog over varer og/eller tenester som vi får tilgang til
    • katalogen kan brukast til andre kundar
    • ordrar kan verte motteken på e-post eller verte integrert i eit ordresystem hos leverandøren
    • sikrar rett pris og rette varer til kunden
    • litt dyrare
  • Ekstern webshop
    • vi bruker web-shop-løysinga som leverandøren allereie har
    • usikker pris fordi ein integrasjon må verte satt opp

Korleis gjer vi dette?

  • Leverandøren og vi skriv ein samhandlingsavtale som syner kva avropsmetode vi har valt, kva ein eventuell katalog skal innehalde, korleis fakturering skal skje, tidsfristar for innføring osv.
  • Viss vi blir einige om fritekst som avropsmetode, kan vi byrje å handle over ehandelsplattforma med ein gong.
  • Vi vi blir eining om katalog eller ekstern webshop, sendar vi ein trigger til IBX/CapGemini.
  • IBX/CapGemini tek kontakt med leverandøren og saman blir de einige om kva som skal gjerast og eventuell opplæring.
  • Vi godkjenner resultatet (katalogen)
  • Leverandøren vert gjort tilgjengeleg for alle innkjøparane våre via vårt rekneskapssystem, og innkjøparane kan byrje å sende ordrar til leverandøren på denne nye måten.

Vi reknar med at dei aller fleste leverandørane våre vil vere "fritekst-leverandørar". Dette er enkelt, tilnærma likt slik betilling vert gjort i dag, og krev få rutineendringar både hos oss og hos leverandøren.

Det vil fortsatt vere ordrar som skjer på "gamlemåten" (telefon, e-post osv), men etter kvart som vi blir betre på ehandel, skal fleire og fleire av innkjøpa skje på den nye måten. Vi vil til slutt be leverandøren om ikkje å ta imot ordrar på anna måte.

E-faktura

Vi ønskjer at flest mogleg av våre leverandørar skal levere efaktura i EHF-format. Sjå her for meir informasjon.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut