Gulen Dykkesenter tek imot reiselivsprisen 2015 på Scandic hotell.
Gulen Dykkesenter tek imot reiselivsprisen 2015 på Scandic hotell.

Monica Bakkeli og Ørjan Sandnes i Gulen Dykkesenter tek imot pris på reiselivskonferansen Fjordane frå bre til hav. Foto: Christian Skauge

Dykkesenter til topps

Reiselivsprisen 2015 gjekk til Gulen Dykkesenter. Dei utkonkurrerte 16 andre kandidatar og stakk av med sigeren, diplom og 50 000 kroner.

Gulen Dykkesenter var ein av tre finalistar saman med Aurland ressursutvikling og Loen Active AS – Via Ferrata, og vann med over 50 prosent av stemmene. Selskapet får ros for å vere nyskapande, samarbeidsorientert, ha sunn økonomi og for å ikkje grue seg for å oppsøke samarbeidspartar internasjonalt.

Prisen vart delt ut av Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og NHO Reiseliv under festmiddagen til reiselivskonferansen Fjordane frå bre til hav 19. november.

Store ambisjonar

Gulen Dykkesenter tilbyr opplevingar, guiding og instruksjon for besøkande med interesse for dykking og opplevingar på sjøen. Dei fekk vidare skryt for å vise at ein ved å satse på nisjeprodukt og aktivitetsturisme kan bygge opp ei suksessbedrift i distriktet. Dykkarar frå heile verda kjem til Dalsøyra i Gulen for å utforske verda under havoverflata.

Selskapet er eigd og dreve av Ørjan Sandnes og Monica Bakkeli. Gulen Dykkesenter satsar no på heilårsdrift og har ambisjonar om å vekse på nye konsept.  

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00