Turistar går av Flåmsbana.
Turistar går av Flåmsbana.

Foto: Rolf M. Sørensen/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Du vel reiselivsvinnar

No kan du stemme på reiselivsbedrifta som utmerka seg mest i år og som fortener Reiselivsprisen 2015. 

Reiselivsprisen vert gitt til den reiselivsbedrifta i fylket som verkeleg har utmerka seg i året som gjekk - lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Den tar sikte på å vere inspirasjonsfaktor for reiselivsnæringa i heile fylket. Av 17 nominerte prosjekt er no tre finalistar klare: Loen Active AS - Via Ferrata, Aurland Ressursutvikling AS og Gulen Dykkesenter AS.

Berekraftige eventyr

Reiselivsprisen er ein del av Fjordane frå Bre til Hav, og fleire kriterium må oppfyllast for å ende opp blant finalistane:

  • Berekraft-profil: Vektlegg miljøvennlige tilbod, lokalmat, lokal kultur, miljøsertifisering.
  • Økonomi: Lønnsam utvikling i bedrifta.
  • Samarbeidsorientert: Bidrar til felles løft på reisemålet.
  • Innovasjonsgrad: Bidrar til nye opplevingstilbod og styrkja attraksjonskraft på reisemålet.
  • Marknadspotensial: Kan synleggjere eit potensial og har ambisjonar for vekst.
  • Adventure-profil: Satsingar som har bidrege til ei auke av aktive, naturbaserte opplevingar!

–  No er det opp til publikum å stemme fram det prosjektet som dei meiner gjer heimfylket til ein betre stad å besøkje, bu og leve i, seier Ove Hoddevik, banksjef for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest. 

Store opplevingar

Dei tre nominerte byr på allsidige aktivitetar, men felles for alle er store naturopplevingar.

  • Loen Active AS tilbyr sykkelutleige, trøbåtutleige, guida fjellturar, motbakkeløpet Skåla Opp og ikkje minst spektakulære Via Ferrata Loen. Via Ferrata Loen er ein klatresti (bygd i 2011) rett bak Hotel Alexandra. På «jernstien» opp fjellsida endar du på fjellet Hoven (1011 moh), med spektakulær utsikt til Lodalen, Oldedalen, Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen.
  • Aurland Ressursutvikling AS tenkjer heilskapleg reisemålsutvikling og har som filosofi at kulturen, naturen og servicekonsepta må spele saman for å gje den beste kundeopplevinga.Selskapet  legg til rette for reiser og mektige opplevingar i Flåm og fjordane i samarbeid med lokale aktørar.
  • Gulen Dykkesenter AS tilbyr opplevingar, guiding og instruksjon for besøkande med interesse for dykking og opplevingar på sjøen. På resorten vert det tilbydd overnatting, servering ogtilrettelegging for individuelle og grupper. Dei er lead partner i eit bedriftsnettverk som utviklar spissa opplevingsprodukt for bl.a barnefamiliar og haustar gode erfaringar med det.

Opp til deg

Publikum kan stemme fram sin favoritt til å vinne Reiselivsprisen 2015 innan 19. november 2015, som og er dato for utdeling av prisen på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

For meir informasjon

Ove Hoddevik
Sparebanken Vest
915 79 876
Ove.Hoddevik@spv.no

 

 

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00