Sissel Ørstavik Aase
Sissel Ørstavik Aase

Sissel Ørstavik Aase. Foto: Sissel Ørstavik Aase.

”Du må starte frå grunnen av…”

Sissel Ørstavik Aase har skrive ei masteroppgåve i folkehelsevitskap, der temaet er knytt til Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt arbeid med kultur og helse. 

Aase har møtt deltakarar i eit interkulturelt kor og undersøkt personar med flyktningbakgrunn sitt perspektiv på kva som skapar meining i livet. Masterprosjektet fann stad ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) i Ås. 

Folk på flukt og musikk

Aase har ei interesse for musikk og ei tru på, og etterkvart kunnskap om, at deltaking i kultur- og musikkaktivitetar har ein positive effekt  på helse og livskvalitet. Dette var noko ho ynskte å sjå nærare på i sitt masterprosjekt. Samstundes har den stadige auka av menneske på flukt vekt interesse. Ho såg ei moglegheit til å kombinere desse to perspektiva i masteroppgåva. Både korleis personar med flyktningbakgrunn erfarer det å kome til eit nytt samfunn og korleis deltaking i kulturelle aktivitetar har betydning for deira livskvalitet.

Kvardagen i Noreg

Oppgåva utforskar erfaringar personar med flyktningbakgrunn har kring overgangen til eit nytt kvardagsliv i Noreg, sett i lys av deltaking i eit interkulturelt songkor. Målet er å betre forstå faktorar som kan ha betydning for personane si integrering, så vel som helse og livskvalitet. Dette handlar både om deira historier knytt til opplevingar og erfaringar frå fortida og flukta frå heimlandet, i tillegg til den noverande etableringa av eit nytt kvardagsliv i Noreg.

Hovudfunna i studien

Erfaringane til informantane er prega av både utfordringar og meiningsfulle opplevingar. Funna danna grunnlaget for fire tema som går igjen:

  • møte med ”staten” Noreg

  • det å halde seg opptatt

  • sosiale relasjonar mellom menneske

  • ei leiting etter identitet

Desse temaa har betydning for personane sin livskvalitet og integrering. I tillegg viser funna ulike aspekt for korleis og kvifor deltaking i eit songkor kan ha betydning i flyktningar sin etableringsprosess i eit nytt samfunn. Såleis er det implikasjonar for å legge til rette for deltaking i meiningsfulle aktivitetar i møte med inkludering, integrering og helsefremmande arbeid hjå flyktningar, samstundes som vidare forsking og ytterlegare kunnskap trengs.

Trykk her for å lese masteroppgåva.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00