Drosjer

Drosje er ikkje definert som kollektivtransport med mindre det er ei tingingsrute. Drosjenæringa spelar likevel ei viktig rolle i det samla kollektivtilbodet i fylket.

Fylkeskommunen er løyvemynde og tildeler av drosjeløyve til aktuelle drivarar. Det å ha eit drosjeløyve gjev innehavaren eit monopol på å utføre persontransporttenester med ein definert bilkategori. Løyvehavaren kjem også inn under ordningar der delar av bilavgiftene vert refundert. Som motyting tek utøvaren på seg ei forplikting om å køyre ved behov heile døgnet alle dagar i veka. Ordninga med løyve er meint å sikre at folk har eit drosjetilbod der dei bur når dei har behov for det.

Det er i dag litt over 160 drosjeløyve i fylket vårt fordelt på omlag 55 stasjoneringsstadar. Omlag 50  av drosjeløyva har krav om universell utforming med høve til å ta med rullestol. Talet på drosjeløyver og universelt uforma bilar er stabilt.

Vi ser ein trend der det er få som søkjer seg til enkelte ledige drosjeløyver i distrikta. Resultatet er ofte at løyva vert overtekne og flytta til naboløyvedistriktet. Talet stasjoneringsstadar har vorte redusert frå over 70 til om lag 55 på mindre enn eit tiår.

Utfordringar

Drosjenæringa har vore gjennom store omleggingar siste åra. Det er mellom anna blitt skjerpa krav til taksameter, rekneskapsførsel, universell utforming og køyre og kviletid for maxitaxi. Ny modell for prisberekning er gjennomført. Vidare har det vore anbodsutsetting av pasientreiser og skuleskyss, dette er køyring mange løyver er heilt avhengig av. Omleggingane har ført med seg heilt nye driftsvilkår, redusert forutsigbarheit og auka krav til utøvarane.

Det å drive eit drosjeløyve i eit grisgrendt fylke som Sogn og Fjordane set krav til utøvaren. Tradisjonelt har løyvehavarane hatt relativt stabile driftsvilkår med førsterett til offentleg transport utført med personbilstørrelse. Dette gjeld t.d. pasientreiser og skuleskyss. Løyvehavarane har nytta det same bilmateriellet til å køyre privatpersonar. Utanom dei større tettstadane er privatmarknaden svært avgrensa.

Det har her i fylket vore arbeidd aktivt for å sikre eit drosjetilbod med rett biltype der folk bur. Fylkeskommunen har ein tett dialog med næringa og med enkeltaktørar. Det blir stilt særkrav om universell utforming på hovudløyve nr 2. Drosjenæringa sjølv har vore aktive med kurs, og har eit godt støtteapparat gjennom TTS (Taxi Transportservice). Helse Førde nyttar ofte dei litt større drosjene og legg i anboda opp til ein desentralisert struktur med mange stasjoneringsstadar. Helse Førde har også vore aktive med informasjon og opplæring i deira pasientreisesystem.

Drosjenæringa er i utvikling med skjerpa lovkrav, anbod og marginal økonomi. Næringa har så langt vore konkurransedyktige i dei anbodskonkurransane som har vore på pasientreiser. Fortsatt har vi drosjer der folk bur og vi har ein høg del universelt utforma bilar.

Samarbeid med næringa og andre offentlege aktørar for å stimulere kompetanseheving, samarbeid og rekruttering i næringa vil vere viktige tiltak.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Kontakt

Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954

Ansvarleg eining

Samferdsleavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00