Dom i saka mot NCC vedrørande Dalsfjordsambandet er klar

Dommen seier at Sogn og Fjordane fylkeskommune må betale entreprenøren NCC Construction AS 33,3 mill. kroner pluss forseinkingsrenter, for å dekke meirkostnadar med bygginga av vegar og tunellar i Dalsfjordsambandet. Dette er langt lågare enn det opphavlege kravet frå NCC, som var på 93,5 mill. kroner. Kravet vart under hovudforhandlingane justert ned til 69,8 mill. kroner.

Kontrakten mellom fylkeskommunen og NCC var på 342 mill. kroner.
Tingretten peikar på at ingen av partane er vinnar i saka, og at partane difor må betale eigne sakskostnader.
Dommen er klar på at Statens vegvesen ikkje var ansvarleg for raset i Sætenestunellen.

Dom i saka mot NCC vedrørande bygging av Dalsfjordsambandet

Ankefristen er ein månad.

Fylkesutvalet vil drøfte dommen i møte 21. august.

For meir informasjon kontakt:

Velaug Mo Veum
fylkesdirektør, samferdsleavdelinga
Velaug.Mo.Veum@sfj.no
tlf: +47 57656241 | mob: +47 41530974

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Fylkesdirektør

Dina Lefdal

Dina Lefdal

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger

57 63 80 00
post@sfj.no