Moderne båt ved kai i ein fjord
Moderne båt ved kai i ein fjord

Døypte Vision of the Fjords

Fylkesordførar Jenny Følling fekk æra av å døype den prisvinnande og teknologisk avanserte turistbåten Vision of the Fjords i strålande solskinn i Flåm sist laurdag.

– Eit mesterstykke av tidløs, moderne design og innovative løysingar.

Slik omtalte fylkesordførar Jenny Følling båten som er bygd av Brødrene Aa i Hyen og skal ta turistar frå heile verda mellom Flåm og Gudvangen.

For dette så mykje meir enn ein båt. Det er lokal kompetanse, innovasjon og utvikling, pionerånd, miljøsatsing og landskapsvern hand i hand, sa Følling i dåpstalen.

Båten har alt fått mykje merksemd for sitt moderne design og miljøvenlege løysingar, og vann tidlegare i år prisen «Ship of the Year 2016» på båtmessa i Hamburg.

Fylkesordføraren fekk til slutt offisielt gi båten namnet Vision of the Fjords, og det med langt meir lokale dråpar enn fransk champagne nemleg lokal eplesider.

Etter mitt syn heilt riktig og korrekt for eit skip som er sett til verda i eit fruktfylke som Sogn og Fjordane.

Dåpstalen frå Flåm 8. oktober

Følling The Fjords.JPG

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Endre Høgalmen

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur
Endre.Hogalmen@sfj.no
952 07 789

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00